Karl von Beeren (10. februar 189013. september 1961) var ein tysk offiser fødd i Eissen. Han gjorde teneste i den tyske armeen frå 1909, og vart såra to gonger under første verdskrigen. Han vart utnemnd til oberst 1. januar 1938. Under invasjonen av Noreg våren 1940, Operation Weserübung, var han sjef for 193. infanteriregiment i 69. infanteridivisjon.

Karl von Beeren
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. februar 1890
Eissen
Død

13. september 1961 (71 år)
Wiedenbrück

Yrke militær
Språk tysk
Medlem av Beeren

Han fekk kommandoen over 280. infanteridivisjon 27. april 1942, og vart stasjonert i Bergen. Han vart utnemnd til generalmajor 1. februar 1943, og til generalløytnant 15. mai 1943. Han leia 280. infanteridivisjon til 10. november 1944, då han vart send til Tyskland. Der fekk han kommandoen for 526. divisjon 1. desember 1944.

Han vart teken til fange av britane 9. april 1945 og internert i Tyskland, og seinare i Storbritannia. Han vart sett under tiltale for krigsbrotsverk (som ansvarleg for drap på krigsfangar) 13. desember 1945, men vart frikjend i britisk krigsrett 30. mai 1946. Han sat internert til 20. november 1947.

Han døydde i Wiedenbrück i 1961.

Bakgrunnsstoff endre