Karmøy kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg
«Karmøy» omdirigerer hit. For øya i kommunen, sjå øya Karmøy. For øya i Antarktis, sjå Karmøy i Antarktis.

Karmøy kommune er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen grensar i nord til Haugesund. Aust for Førdesfjorden er Tysvær kommune, i sørvest er øykommunen Bokn, i sør Kvitsøy og vest til havs Utsira kommune.

Karmøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Kopervik
Areal 229,96 km²
 •  land 219,55 km²
 •  vatn 10,41 km²
Folketal 43 306  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Leiv Arne Marhaug (H)
Kommunenr. 1149
Kart
Karmøy kommune
59°15′N 5°15′E / 59.25°N 5.25°E / 59.25; 5.25
Wikimedia Commons: Karmøy
Nettstad: www.karmoy.kommune.no

Karmøy kommune vart til i 1965 ved at kommunane Skudenes, Åkra, Kopervik, Stangaland, Torvastad, Skudeneshavn og delar av Avaldsnes vart slegne saman.

Karmøy har tre tettstadar som vert rekna som byar: Kopervik, Skudeneshavn og Åkra.

Karmøy har ein flyplass kalla Haugesund Lufthamn.

Historie endre

Ved Avaldsnes låg Noregs første kongesete. Her hadde Harald Hårfagre sin hovudkongsgard. Avaldsnes er omtalt fleire stader i Snorres kongesagaer. Særleg kjent er historia om Asbjørn Selsbane i Olav han Heilagast saga. Det vart eit dramatisk møte mellom kongen og solahøvdingen Erling Skjalgson.

På Avaldsnes står i dag Avaldsnes kyrkje, som kong Håkon IV av Noreg lét byggje i 1250. Like inntil kyrkjeveggen mot nord og hellande inn mot veggen står Noregs høgaste bautasteinen, kjent som Jomfru Marias Synål. Segna fortel at den dagen toppen av steinen rører kyrkjeveggen, inntreffar dommedag. Kanskje er det eit snev av sanning i påstanden om at munkane i seinmiddelalderen hogg toppen av bautasteinen?

Kjende personar frå Karmøy endre

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Karmøy kommune