Karnei Shomron (hebraisk קרני שומרון, tyder Samaria sine lysstråler), er ei israelsk busetjing og lokal kommune på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart grunnlagt i 1977. I 2012 var folketalet i Karnei Shomron på 6 570.[1] Karnei Shomron ligg i Qalqilya-provinsen og vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda går aust for Karnei Shomron, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.

Karnei Shomron
קַרְנֵי שׁוֹמְרוֹן, Qarne Shomron
lokal kommune
Land  Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 32°10′17.75″N 35°5′51.72″E
Areal 7,179 km²
Folketal 6 570  (2012)
Folketettleik 915 / km²
Grunnlagd 1977
Borgarmeister Herzl Ben Ari
Kart
Karnei Shomron
32°10′18″ N 35°5′52″ E
Wikimedia Commons: Karnei Shomron
Nettstad: www.karneishomron.co.il

Karnei Shomron ligg 48 km nordaust for Tel Aviv og 85 km nord for Jerusalem.

Kjelder endre

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet cbs-loc

Bakgrunnsstoff endre