Karsten Warholm
Karsten Warholm (fødd 28. februar 1996) er ein norske friidrettsutøvar. Han sette verdsrekorden på 400 m hekk med 46,70 under Bislett Games i Oslo den 1. juli 2021 , og deretter med 45,94 i finalen i OL i Tokyo den 1. juli 2021.[1] Han sette verdsrekord på 300 meter hekk den 11. juni 2020.[2]
Karsten Warholm | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. februar 1996 (28 år) Ulsteinvik |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2016, EM i friidrett 2018 – 400 meter hekk menn, EM i friidrett 2018 – 400 meter menn, VM i friidrett 2017 – 400 meter hekk menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 400 meter hekk menn |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Folkets idrettspris, Årets friidrettsutøver i Europa, Årets friidrettsutøver i Europa, Årets friidrettsutøver i verden, Fearnleys olympiske ærespris, Bislett-medaljen |
Han er tre gonger norsk meister på 400 meter, i 2014, 2015 og 2016 og fire gongar norsk meister på 400 meter hekk.[3][4][5]
Warholm kjem frå Garshol i Ulstein. Warholm er medlem i Dimna Idrettslag og har Leif Olav Alnes som hovudtrenar.[6]
Store meisterskap
endreI Tokyo 2021 vann han OL-gullet og satte ny verdsrekord 45,94 sekunder på 400 m hekk. I London 2017 og i Doha 2019 vart han verdsmeister på 400 meter hekk.
Sesongen 2021
endreWarholm sette ny bestenotering i verda på 300 meter hekk under «Bislett Night of Highlights» 3. juni med tida 33,26.
Warholm satte ny verdensrekord på 400 meter hekk under Bislett Games med tiden 46,70. Tida var åtte hundredelar betre enn Kevin Youngs gamle rekord fra OL i Barcelona i 1992.
Den 03. august 2021 under OL-2020 i Tokyo slo han sin eigen verdsrekord frå Bislett Games, med tida 45,94, og satt dermed også ny olympisk rekord. Ein prestasjon som er vurdert som ein av dei største i historia til friidretten.
Sesongen 2020
endreWarholm sette ny verdsrekord på 300m hekk under «Impossible Games» på Bislett Stadion i juni med 33,78. Ny banerekord i Berlin på 47,08 på 400 meter hekk.
Sesongen 2019
endreDen 13. juni 2019 sletta Warholm den 24 år gamle rekorden til Stéphane Diagana då han vann langhekken i eit DL-stemne (Bislett Games) på Bislett stadion i Oslo. Med tida 47,33 sekundar flytta han rekorden med 0,04 sekund. Fem veker, den 20. juli, forbetra han rekorden ytterlegare til 47,12 med dei han tok ein suveren siger ved eit DL-stemne på London stadion.
Sesongen 2018
endre9. august 2018 under EM i friidrett 2018 i Berlin fekk han snøggaste tid i semifinalane, med 48,67 sekund. I finalen sette han ny norsk rekord med 47,64 sekund, og vann med det sitt første individuelle EM-gull som senior. Tida var òg europeisk U23-rekord på 400 meter hekk.[7] Igjen kom Yasmani Copello på andreplass
Sesongen 2017
endre9. august 2017 overraska Warholm og vann langhekkfinalen under verdsmeisterskapen i London på tida 48,35, framfor Yasmani Copello og olympiameister Kerron Clement.
Den 10. juni 2017 forbetra Warholm den norske rekorden på 400 meter til 44,87 sekundar i eit stemne i Florø. Fem dagar seinare vann han langhekken under Bislett Games i Oslo og sette ny norsk rekord med tida 48,25 sekundar.
Sesongen 2016
endreWarholm vart sjettemann i 400 meter hekk under europameisterskapen i Amsterdam.
Andre merittar
endreHan har elles vunne norske meisterskap på 400 meter, 110 meter hekk, 400 meter hekk og i lengdehopp. Warholm vann Kongepokalen i friidrett fem år på rad, frå 2015 til 2019.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Karsten Warholm» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2017.
- Referansar
- ↑ «Warholm satte verdensrekord: – Det skulle ikke være mulig for en nordmann». NRK. 01.07.2021. Henta 01.07.2021.
- ↑ «Warholm satte verdensrekord på 300 meter hekk etter ukjent drama», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 9. august 2021
- ↑ «Resultat Enkeltøvelse», webres1.andro.no, henta 9. august 2021
- ↑ «Resultat Enkeltøvelse», webres1.andro.no, henta 9. august 2021
- ↑ «Resultat Enkeltøvelse», webres1.andro.no, henta 9. august 2021
- ↑ Erlend Nesjø: Karsten Warholm - Portrettintervju i Aftenposten/Sport 24. juni 2020
- ↑ «European Athletics 400m Hurdles Men». Henta 9. august 2018.