Denne artikkelen handlar om ein tilstand med betente slimhinner. For landet, sjå Qatar.

Katarr er ein overflatisk betennelse i slimhinnene som dekkar luftvegane eller andre holer i kroppen, til dømes nase og svelg.[1] Det kan valda tjukke eksudat av slim og kvite blodlekamar som skuldast hevelse i slimhinnene i hovudet i respons til infeksjon.[1] Symptomet er vanlegvis tilknytt forkjøling og brysthoste, men kan òg sjåast i pasientar med infeksjon i svelgmandelen (adenoiditt), mellomøyret (mellomøyrebetennelse), biholene (kronisk sinusitt) eller mandlane (tonsillitt). Slimet som oppstår ved katarr, kalla flegma, kan flaume ut, eller det kan setje seg fast, okkludere og bli kronisk.

Ved blodforgifting som følgje av blærekatarr kan urinen innehalda puss, ein tilstand kjend som pyuri.

Nokre vanlege former av katarr er blærekatarr, magekatarr og augekatarr.

Klinisk relevans endre

Katarr som okkluderar delar av luftvegane kan føre til smerte ved:

Endåtil den grunne enden i eit bad kan vere utriveleg på grunn av barotraume, eit problem som er tilknytt trykkendringar i hovudet som følgje av katarral blokkering. Dette kan skje ved så lite som 1,2 meter djupne.

Ordsoge endre

Ordet «katarr» kjem frå gresk «katarrhein», der kata tydar «ned» og rhein tydar «renne» eller «flyte».[1][2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Ø. Winther, Finn (14. februar 2009). «katarr». Store norske leksikon. Henta 20. februar 2015. 
  2. Roald, Borghild (13. februar 2009). «katarr». Store medisinske leksikon. Henta 20. februar 2014. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.