Katolske kloster i Noreg

Wikimedia-listeartikkel

Ei oversikt over katolske kloster i Noreg kan ein dele i to bolkar: Mellomalderens store kloster, frå kring år 1100 til nokre år etter reformasjonen i 1537, og dei klostera som er oppretta etter at Den katolske kyrkja på nytt fekk løyve til å virke i Noreg.

Kloster frå mellomalderen

endre

I denne oversikta er dei norske klostera i Bohuslen tatt med.

Mannskloster

endre
Vanleg namn Stad Grunnlagt Orden Vigd til Oppløyst Tilstand
Dominikanarkloster Holmen i Bergen 1243-1247 Dominikanarane 1528 Ingen spor funne
Dominikanarkloster Ruinparken i Oslo Truleg 1239 Dominikanarane Olav den heilage 1537 Tilgjengelege ruinar
Dominikanarkloster Hamar Nemnt 1511 Dominikanarane Olav den heilage Ingen spor
Dominikanarkloster Trondheim sentrum Før 1234 Dominikanarane 1537 Spor under bakken
Dragsmark kloster (Marieskog) Uddevalla i Båhuslen 1230-1260, mogleg 1234 Premonstratensarane Jomfru Maria 1532 Tilgjengelege ruinar
Helgeseter kloster Trondheim sentrum Før 1183 Augustinarane 1537 Spor under bakken
Fransiskanarkloster ved Bergen domkyrkje i Bergen Før 1263 Fransiskanarane Olav den heilage 1537 Kyrkja er no Bergen domkyrkje
Fransiskanarkloster Gamlebyen i Oslo Før 1291 Fransiskanarane 1536 Spor under bakken
Fransiskanarkloster Trondheim sentrum Før 1472 Fransiskanarane 1537 Spor under bakken
Fransiskanarklosteret i Tønsberg Tønsberg sentrum Før 1236 Fransiskanarane 1536 Spor under bakken
Halsnøy kloster Halsnøy i Kvinnherad 1163-1164 Augustinarane Den heilage ande 1536 Tilgjengelege ruiner
Hovedøya kloster Hovedøya i Oslo 1147 Cisterciensarordenen Den heilage Edmund og Jomfru Maria 1532 Tilgjengelege ruinar
Jonsklosteret Bergen sentrum Ca. 1150 Augustinarane Johannes Døyparen 1489 Spor under bakken
Kastelle kloster Konghelle i Båhuslen 1161-1181 Augustinarane 1529
Konghelle kloster Konghelle i Båhuslen 1263-1272 Fransiskanarane 1532 Tilgjengelege ruinar
Lyse kloster Os i Hordaland 1146 Cisterciensarordenen Jomfru Maria 1536 Tilgjengelege ruinar
Marstrand kloster Marstrand i Båhuslen Eksisterte i 1291 Fransiskanarane Heilt nederive i 1532 Eksakt lokalisering er ukjent
Munkeby kloster Okkenhaug ved Levanger Før 1180 Cisterciensarordenen Jomfru Maria 1200-talet Tilgjengelege ruinar
Munkeliv kloster Nordnes i Bergen Ca. 1110 Benediktinarordenen til ca. 1420 Erkeengelen Mikael ca. 1470 Spor under bakken
Nidarholm kloster Munkholmen ved Trondheim Ca. 1100 Benediktinarordenen St. Laurentius (Lavrans) 1537 Spor under bakken
Olavsklosteret Gamlebyen i Oslo 13. århundre Dominikanarane Olav den heilage Ca. 1537 Rom bevart på kjellarplan
Olavsklosteret Stavanger sentrum Før 1160 Omdiskutert. Både benediktinarar, augustinarkorherrane og cisterciensarar er foreslått. Olav den heilage 1263-1280 Uviss plassering, neppe noko bevart i dag.[1]
Olavsklosteret Tønsberg sentrum Før 1191 Premonstratensarane Olav den heilage 1532 Tilgjengelege ruinar
Persklosteret Ved Klubbgata i Stavanger sentrum Uviss, berre kjent i omtale på 1700-talet. Ukjent. Sankt Peter Ukjent Neppe noko bevart i dag.[1]
Selje kloster Selja i Selje kommune Ca. 1100 Benediktinarordenen St. Alban 1461-1464 Tilgjengelege ruinar
Tautra kloster Tautra i Frosta kommune 1207 Cisterciensarordenen Jomfru Maria 1532 Tilgjengelege ruinar
Utstein kloster Mosterøy i Ryfylke Etter 1263 Augustinarane St. Laurentius (Lavrans) 1536 I bruk som konferansesenter
Varna kloster Ved Værne gårdRygge 1150-1200 Johannitterordenen Johannes Døyparen 1532 Synlege spor

Kvinnekloster

endre
Vanleg namn Stad Grunnlagt Orden Vigd til Oppløyst Tilstand
Bakke kloster Trondheim sentrum Ca. 1150 Benediktinarinner? 1537 Spor i bakken i kjellaren under Bakke gård
Gimsøy kloster Gimsøy i Skien Før 1150 Benediktinarinner Ca. 1540 Ingen spor funne
Munkeliv kloster Nordnes i Bergen Ca. 1110 Birgittinarane frå ca. 1420 Erkeengelen Mikael Ca. 1470 Spor under bakken
Nonneseter kloster Bergen Ca. 1150 Benediktinarinner Jomfru Maria 1528 Kapell og tårnfot bevart, i dag Fortidsminneforeningen
Nonneseter kloster Oslo (no:Gamlebyen i Oslo) Før 1161 Benediktinarinner Jomfru Maria 1547 Spor under bakken
Rein kloster Rissa Ca. 1226 Augustinarinner? 1532 Tilgjengelege ruinar

I moderne tid

endre

Det moderne katolske ordensvesenet er annleis enn i mellomalderen. Mange ordenar har ikkje kloster i strikt tyding av ordet, men heller konvent (frå latin convenire, 'å samlast') eller kommunitetar (frå latin communitas, 'fellesskap'). Skiljelinjene kan vere vage, og ein gjer derfor gjerne ei grov inndeling i fellesskap i ein apostolisk tradisjon, det vil seie dei som har sitt virke ute i samfunnet; og kontemplativ tradisjon, det vil seie dei som lever innanfor klostermurar.

Apostoliske hus for kvinner

endre
Vanleg namn Stad Grunnlagt Orden/kongregasjon Vigd til
Birgittasøstrene Heimdal utenfor Trondheim 1998 Birgittasøstrene
Karmelittklostret i Tromsø Tromsø 1990 Karmelittnonner
Katarinahjemmet Majorstuen, Oslo 1928 St Katarina av Siena
Lunden kloster Linderud, Oslo 1951 Dominikanerorden
Missionary Servants of the Holy Trinity Molde 1999 Missionary Servants of the Holy Trinity
Missionaries of Charity Bergen 2002 Missionaries of Charity
St Carolus Borromeussøstrene Moss St. Carolus Borromeussøstrene
St. Elisabethsøstrene Nordstrand, Oslo St Elisabethsøstrene
St. Franciskus Xavierussøstrene Bergen St. Franciskus Xavierussøstrene
St. Josephsøstrene av Chambéry Grefsen, Oslo St Josephsøstrene St. Josef
Søstrene av det Hellige Kors Veståsen, Bærum 1998 Søstrene av det Hellige Kors
Tautra Mariakloster Tautra i Frosta 1999 Cisterciensarar Jomfru Maria

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Kvitrud, Arne: «Hvor lå Olavsklosteret i Stavanger?», Ætt og heim, Lokalhistorisk årbok for Rogaland 2006.

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre