Opna hovudmenyen

Katrin Dörre-Heinig (fødd 6. oktober 1961) er ein tysk tidlegare langdistanseløpar frå Leipzig som vann bronsemedaljen i maratonløpet både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Friidretts-VM 1991 i Tokyo.

AktivEndra

Dörre representerte Aust-Tyskland då ho i dei olympiske sommarleikane i Seoul sprang inn til bronsemedalje i maraton, pluss og minus eit halvt minutt etter gullvinnar Rosa Mota frå Portugal og australske Linda Martin. Tre år seinare representerte Dörre det samla Tyskland då ho vann ein ny bronsemedalje under verdsmeisterskapen i Tokyo, høvesvis 17 og 13 sekundar bakom dei andre medaljevinnanarane. Dei neste åra lukkast ho ikkje kome på medaljeplass i dei store meisterskapane, ho enda såleis på femteplass i Barcelona-OL 1992, sjetteplass i Stuttgart-VM 1993 og fjerdeplass i Atlanta-OL 1996.

Dörre vart trefaldig vinnar av både Osaka maraton (1984, 1991, 1997), Tokyo maraton (1984, 1985, 1987), London maraton (1992-94) og Frankfurt maraton (1995-97). Fortast sprang Dörre-Heinig då ho i 1999 vann Hamburg maraton for andre gong i rad og sette løyperekord med 2.24.35.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra