Kelly Fraser (8. august 199325. desember 2019)[1] var ein kanadisk inuittisk popartist og låtskrivar. Det andre albumet hennar, Sedna, blei nominert til ein Juno-pris for Indigenous Music Album of the Year i 2018.[2]

Kelly Fraser

Fødd8. august 1993
FødestadSanikiluaq
Død24. desember 2019 (26 år)
DødsstadWinnipeg
OpphavCanada
Aktiv2010–2019
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar-låtskrivar, omsetjar

Fraser var fødd i Igloolik og flytta som lita med familien til Sanikiluaq i Nunavut[1] i Canada. Ho utdanna seg ved Nunavut Sivuniksavut i Ottawa før ho fullførte eit urfolksstudieprogram ved Nicola Valley Institute of Technology i British Columbia.[3]

Ho blei fyrst kjend i 2013 då ho gav ut ei rekkje coverversjonar av popsongar på inuktitut, som «Diamonds» av RihannaYouTube.[4]

I 2014 gav ho ut debutalbumet sitt, Isuma.[4] Songane hennar var på engelsk og inuktitut, og musikalsk kombinerte dei samtidspop med tradisjonell inuittmusikk.[4] Sedna kom ut 25. februar 2017 på Nunavut-merket Hitmakerz record label.[5][3] Ifølgje produsenten sin arbeidde Fraser på eit nytt album som skulle kallast Decolonize.[4][6]

Fraser døydde heime i Winnipeg i Manitoba 24. desember 2019, gjennom sjølvmord. Ifølgje familien hadde ho slite med trauma frå barndommen, rasisme og netthets.[a][4]

Musikk

endre

Sedna

endre

Sedna kom ut 25. februar 2017 på Nunavut-merket Hitmakerz record label.[5][3] Tittelen på albumet (ᓄᓕᐊᔪᒃ (Nuliaju) på inuktitut) viser til soga om Sedna, inuittane si havgudinne, som Fraser bestemte seg for å oppdatera på albumet.[6] Ho sa: «Målet med albumet er å hjelpa til med å lækja dei om lir av effektane av kolonisering, medrekna dei skadelege verknadane av kostskular og tvinga forflytting. Det trengst at inuittartistar taler direkte til dei som er påverka av fortida.»[b][5]

Merknadar

endre
  1. ...childhood traumas, racism and persistent cyberbullying.
  2. The goal of the album is to help heal those suffering from the effects of colonization, including the damaging effects of residential school and forced relocation. There is a great need for Inuit artists to directly speak to those affected from the past.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Sinclair, Niigaan (27. desember 2019). «Powerful singer brought Inuit culture to world». Winnipeg Free Press. Henta 30. desember 2019. 
  2. «Juno nominations shine a light on Nunavut performers». Nunatsiaq News. 6. februar 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Nunavut pop star’s new album is heavy on beats, rhymes and life». Nunatsiaq News. 20. april 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Inuk singer Kelly Fraser died by suicide amid ‘hard’ fight with PTSD, family says». Global News. 30. desember 2019. Henta 30. desember 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Kelly Fraser Music». kellyfrasermusic.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 10. august 2018. Henta 11. august 2018. 
  6. 6,0 6,1 «How Kelly Fraser is revitalizing Inuktitut with Rihanna». New Fire. CBC Radio. 14. august 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre