Keynsham er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 15 500 innbyggjarar og ligg mellom Bristol og Bath i Sørvest-England. Han vart oppført i Domesday Book som Cainesham, som ein trur tyder «heimen til St. Keyne».

Keynsham

Keynsham High Street
Keynsham High Street
Keynsham High Street
Plassering
Keynsham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Somerset
Distrikt Bath and North East Somerset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

15 533
Koordinatar 51°25′N 2°30′W / 51.417°N 2.500°W / 51.417; -2.500
Diverse annan informasjon
Postnummer BS31
Telefon-retningsnummer 0 117
Commons har multimedium som gjeld: Keynsham

Området kring byen har vore busett sidan førhistorisk tid og her finst òg spreidd restar etter romarane. Han vart ein marknadsby i mellomalderen etter at Keynsham Abbey vart grunnlagd kring 1170. Han ligg ved staden der elvane Chew og Avon renn saman og har vore råka av kraftige flaumar fleire gonger. Chew Valley Lake vart derfor skapt for å kontrollere vasstanden i elva. Den store flaumen i 1968 sette store delar av byen under vatn.

Kjelder

endre