Kfar Hasidim
Kfar Hasidim (hebraisk skrift כְּפַר חֲסִידִים, tyder 'Hasidimlandsbyen'), òg kalla Kfar Hasidim Alef for å skilje han frå Kfar Hasidim Bet, er ein moshav nord i Israel. Han ligg nær Kiryat Ata og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 572.
Kfar Hasidim | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Zevulun | ||
Koordinatar | 32°44′35.52″N 35°5′36.59″E / 32.7432000°N 35.0934972°E | ||
Folketal | 798 (2015) | ||
Grunnlagd | 1924 | ||
• Grunnlagd av | Polske emigrantar | ||
Kfar Hasidim 32°44′36″N 35°05′37″E / 32.7432°N 35.093497222222°E | |||
Kart som viser Kfar Hasidim.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Hasidim |
Landsbyen vart grunnlagd i 1924 av ei gruppe hasidisk emigrantar frå den fjerde Aliyah som hadde førebudd seg i Polen. Sjølv om den hasidiske byen Bnei Brak alt var grunnlagd, var målet denne gongen å skape ein jordbruksbusetnad i staden for ein urban busetnad.
Shlomo Goren, den framtidige leiaren for det militære rabbinatet i Det israelske forsvaret og sidan askenasisk øvsterabbi i Israel frå 1973 til 1983, voks opp i Kfar Hasidim, som faren hans var med på å grunnleggje.
I 1950 Kfar Hasidim Bet vart grunnlagd i nærleiken av innbyggjarar frå Kfar Hasidim som ikkje var bønder. I dag er landsbyen hovudsakleg nasjonalreligiøs og sekulær. Kfar HaNoar HaDati ungdomslandsby ligg like nær moshaven.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kfar Hasidim» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: