Khanty-Mansijsk
by i Russland
Khanty-Mansijsk Ханты-Мансийск | ||
---|---|---|
![]() |
![]() | |
Flagget til Khanty-Mansijsk | Byvåpenet til Khanty-Mansijsk |
|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | |
Grunnlagd Bystatus |
1930 1950 | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
337,76 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
67 761 200,6 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7) 34671 | |
Nettstad: www.admhmansy.ru |
Khanty-Mansijsk (russisk Ханты-Мансийск) er ein by i Vest-Sibir i Russland, og hovudstad i det autonome distriktet Khanty-Mansia. Folketalet er om lag 65 000 innbyggjarar (2008). Byen vart grunnlagd i 1930 som tettstaden Ostjako-Vogulsk. I 1940 skifta han namn til Khanty-Mansijsk, og i 1950 fekk han bystatus. Han ligg ved elva Irtysj. Dei siste åra har byen sin økonomi nytt godt av store oljeinntekter. I 2003 arrangerte byen verdsmeisterskapen i skiskyting, og her vert jamleg arrangert verdscuprenn i skiskyting.
Distriktet har status som autonomt distrikt fordi det er sentrum i området for khantyane og mansiane, talarane av dei ob-ugriske språka khantisk og mansisk.