Khersónisos
Khersónisos Lokalt namn Χερσόνησος | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Kreta |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 271,6 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Kreta Iráklio |
Hovudsete | Goúves (539 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 26 717 (2011[1]) |
Folketettleik | 98,2 /km² |
Khersónisos (gresk Χερσόνησος) er ein by og kommune nord på Kreta i Hellas. Byen ligg om lag 25 kilometer aust for Iráklio og vest for Ájos Nikólaos. Det som til vanleg vert kalla Khersónisos er halvøya og hamna Liménas Khersonísou. Khersónisos er ein del av periferieininga Iráklio, og ligg 25 kilometer frå Iráklio internasjonale lufthamn, Níkos Kazantzákis og 27 kilometer frå Iráklio hamn. Kommunesenteret ligg i landsbyen Goúves.[2]
Administrativ inndeling endre
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 26 717 innbyggjarar, medan kommunaleininga Khersónisos hadde 8 262 og tettstaden med same namn 1 115 innbyggjarar.[1]
Turisme endre
Khersónisos er retta mot reiselivsnæringa, og er ein populær stad for nederlandske, irske, serbiske og tyske statsborgarar. I nærleiken av hamnen ligg fleire nederlandske snackbarar og irske pubar.[3] På austsida er store hotell og Star Beach med mellom anna barar, symjebasseng, spel og go-kart. I hovudgata er det mange souvenirbutikkar samt andre butikkar og restaurantar. Khersónisos har òg eit lite akvarium kalla Aquaworld Aquarium, der dei har fisk og andre sjødyr frå havet utanfor Khersónisos.[4] Lychnostatis Open Air Museum er ein rekreaksjon av ein tradisjonell kretisk landsby.[5] I tillegg er nattelivet viktig, og byen har diskotek, nattklubbar, barar og pubar. Byen har òg strender.
Som mange lokalsamfunn på Kreta er den lokale økonomien ikkje berre basert på turisme, men òg landbruk. Om hausten, då dei fleste turistane er vekke, tener mange penger på å hauste oliven.
Populærkultur endre
Den nederlandske versjonen av den amerikanske fjernsynsserien Jersey Shore vart spelt inn i Khersónisos. Serien er kalla Oh Oh Cherso og handlar om ei gruppe unge menneske frå Haag som er på ferie i Khersónisos.
Byar og tettstader endre
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Mália | Mália | 3 224 |
Liménas Khersonísou | Khersónisos | 2 968 |
Káto Goúves | Goúves | 2 153 |
Kháni tou Kokkíni | Goúves | 1 755 |
Goúrnes | Goúves | 1 628 |
Análipsi | Khersónisos | 1 343 |
Stalída | Mália | 1 237 |
Khersónisos | Khersónisos | 1 115 |
Episkopí | Episkopí | 962 |
Rodiá | Goúves | 946 |
Eléa | Goúves | 884 |
Mokhós | Mália | 825 |
Karterós | Goúves | 810 |
Goúves | Goúves | 539 |
Kjelder endre
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Hersonissos frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Hersonissos Nightlife
- ↑ Aquaworld Aquarium
- ↑ Lychnostatis Open Air Museum
Bakgrunnsstoff endre
- http://www.go2hersonissos.eu/party/default1.asp[daud lenkje]
- http://www.hersonissosonline.gr Arkivert 2014-12-17 ved Wayback Machine.
- http://www.hersonisos.com/
- Robert E. Bell (1989) Place-names in classical mythology: Greece, ABC-CLIO, 350 pages ISBN 0-87436-507-4
- Hersonissos history [1]
- C. Michael Hogan, Knossos fieldnotes, Modern Antiquarian (2007)
- National Statistical Service of Greece