Opna hovudmenyen

Kikkan Randall (fødd 31. desember 1982) er ein USA-amerikansk tidlegare langrennar, fødd i Salt Lake City. Ho vart verdsmeister i lagsprint under Ski-VM 2013 i Val di Fiemme og olympisk meister i same øvinga då Vinter-OL 2018 fann stad i Pyeongchang, i begge tilfella i lag med Jessica Diggins.

Kikkan Randall

Kikkan Randall, Sprintvinnaren 2013.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 31. desember 1982
Salt Lake City
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Randall deltok i verdscupen i langrenn frå 2005 til 2018. I tida desember 2007 til mars 2014 vann ho 13 renn i verdscupen, 11 av sigrane kom i sprintevlinga, medan 2 var etappesigrar i Tour de Ski. Under Ski-VM 2009 i Liberec tok ho sølvmedaljen i sprintøvinga, italienske Arianna Follis kneip gullmedaljen. Fire år seinare rauk Randall tidleg ut or sprinttevlinga under verdsmeisterskapen i Val di Fiemme, derimot spurta ho, i same meisterskapen, frå Sveriges Ida Ingemarsdotter og Finlands Krista Lähteenmäki og sikra slik seg og Jessica Diggins eit noko overraskande VM-gull på sprintstafetten. Under Ski-VM 2017 i Lahti kneip Randall bronsen i sprintøvinga, langt bak gullvinnar Maiken Caspersen Falla og sølvvinnar Diggins. Høgdepunktet for Randall og Diggins kom under vinterleikane i Sør-Korea, den 21. februar 2018. Sistnemnde utøvar stakk frå den svenske ankerkvinna Stina Nilsson i avslutninga på sprintstafetten. Det var fyrste gongen USA vann OL-gull i langrenn.

Randall vann premien som beste utøvar i sprint-verdscupen tre år på rad, 2012-14. I vanleg langrenn makta ho aldri å hevde seg.

KjelderEndra