Kilden teater- og konserthus

Kilden Teater- og Konserthus for Sørlandet er eit teater- og konserthusOdderøya i Kristiansand.

Kilden teater- og konserthus

ArkitektFinland, ALA Architects, SMS Arkitekter
Stilmodernistisk arkitektur
Kart
Kilden teater- og konserthus
58°08′21″N 7°59′50″E / 58.13911389°N 7.99714722°E / 58.13911389; 7.99714722

Organisasjonen endre

Kilden teater og konserthus for Sørlandet er organisert ved at fire institusjonar er fusjonerte inn i verksemda: Kristiansand Symfoniorkester, Kilden Teater, Kilden Opera og Kilden Kultur.[1] Kilden består av eit fullt symfoniorkester, eit regionteater, ein regionopera og kommunal kulturhusdrift, og kompetansesenter for medskapande kunst, Kilden Dialog. Kilden er eit av dei største husa i landet for scenekunst og musikk.

Huset blei bygd og er eigd av selskapet «Kilden Teater og Konserthus for Sørlandet IKS», med Kristiansand kommune (60 %), Agder fylkeskommune (37 %) og Grimstad kommune (3 %) som eigarar.[1] Selskapet blei skipa i 2003, og namnet fastsett i 2006.

Bygget endre

 
Kilden konsert- og teaterhus
Foto: Knut Arne Gjertsen

Arbeidet på bygget byrja i 2007, og kronprinsesse Mette-Marit la ned grunnsteinen i 2009. Opninga fann stad 6. januar 2012. Arkitekt var finske ALA Architects i samarbeid med SMS arkitekter frå Kristiansand, og AF-gruppa var hovudentreprenør. Bygget har eit bruttoareal på 16 000 kvadratmeter og eit volum på 128 000 kubikkmeter. Ved bygget låg museumsskipet DS «Hestmanden» fortøytt i ein periode etter at skipet kom ut av dokk i 2011. Kong Harald vitja skipet og møtte fleire krigsseglarar hausten 2011.

Salar endre

Bygget har fire salar:

  • Konsertsalen med 1 185 sitteplassar
  • Teater & operasalen med 708 sitteplassar, orkestergrav med plass til 70 musikarar
  • Multisalen med 234 sitteplassar eller 400 ståplassar
  • Intimsalen med 150 sitteplassar

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Dette er Kilden Teater og Konserthus». Kilden Teater- og Konserthus. Henta 26. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kilden teater- og konserthus