Kilimanjaro er eit fjell nordaust i Tanzania. Det er den høgaste fjelltoppen i Afrika. Toppen, «Uhuru» på kraterkanten er 5895 meter over havet. Kilimanjaro er verdens høgaste frittståande fjell. Vulkanen Kilimanjaro er ikkje utdøydd, men slepp ut gassar frå krateret på toppen. Det er likevel ikkje venta at Kilimanjaro kjem til å kollapsa og komma med eit nytt utbrot slik som Mount St. Helens. Fleire mindre kollapsar og jordras har gått føre seg tidlegare. Eit av desse jordrasa skapte området kjent som «den vestlege sprekken».

Kilimanjaro
vulkan
Kilimanjaro frå Amboseli. (Foto: M. Disdero)
Land  Tanzania
Del av Riftdalen, Seven Summits, Volcanic Seven Summits, Afrikas høyeste fjell, Ultratopp, Seven Third Summits
Høgd 5 895 moh.
Koordinatar 3°4′S 37°21′E / 3.067°S 37.350°E / -3.067; 37.350
Vulkantype Stratovulkan
Lettast tilkomst Til fots
Førstestiging Ludwig Purtscheller
 - dato 1889
Kart
Kilimanjaro
3°04′00″S 37°21′33″E / 3.0666666666667°S 37.359166666667°E / -3.0666666666667; 37.359166666667
Wikimedia Commons: Kilimanjaro

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kilimanjaro
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.