Kilkís

(Omdirigert frå Kilkis)
Kilkís
Lokalt namn Κιλκίς

Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 40°59′N 22°52′E / 40.983°N 22.867°E / 40.983; 22.867
Areal 1 581,2 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Kilkís
Hovudsete Kilkís (22 914 innb.)
Demografi
Folketal 51 926 (2011[1])
Folketettleik 32,4 /km²

Kilkís (gresk Κιλκίς, slavisk Кукуш, Kukuš, tyrkisk Kılkış) er ein kommune og ein industriby i periferieininga med same namn i Sentral-Makedonía i Hellas, der han er hovudstad.

Historie endre

Byen vart styrt av Det osmanske riket før han vart teke av Bulgaria under den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen i 1913 erobra den greske hæren byen etter eit tre dagar langt slag 19. til 21. juni. Den greske sida mista over 5 000 soldatar, medan Bulgaria mista 7 000 og den greske sigeren var eit stort steg mot siger i krigen. Kilkís vart nesten lagd i grus under krigen og dei bulgarske innbyggjarane vart flytta til Bulgaria etter Neuillytraktaten. Den nye byen vart bygd opp att nærare jernbanen til Thessaloníki og vart busett av grekarar frå Bulgaria og Vesleasia.

Bulgaria okkuperte byen igjen under den andre verdskrigen, men han vart frigjeve i 1944.

Administrativ inndeling endre

 
Kart over kommunaleiningane i kommunen Kilkís. ██ 1 - Kilkís ██ 2 - Kroússa ██ 3 - Doiráni ██ 4 - Khérso ██ 5 - Mouriés ██ 6 - Pikrolímni ██ 7 - Gallikós
 
Den tidlegare kommunen Kilkís, no kommunaleininga Kilkís

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 51 926 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kilkís hadde 28 745 og tettstaden med same namn 22 014 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Kilkís Kilkís 22 014
Néa Sánda Gallikós 1 693
Néo Ajonéri Pikrolímni 1 176
Kambánis Gallikós 1 170
Stathmós Mourión Mouriés 1 040
Kristóni Kilkís 988
Gallikós Gallikós 969
Paleó Ajonéri Pikrolímni 886
Pedinó Gallikós 817
Khérso Khérso 814
Mikrokámbos Pikrolímni 731
Drosáto Doiráni 713
Myriófyto Mouriés 677
Khorýjo Kilkís 668
Néo Jynekókastro Pikrolímni 578
Mouriés Mouriés 555
Mavronéri Pikrolímni 535
Evkarpía Kroússa 514

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre