Harold Adrian Russell «Kim» Philby (1. januar 191211. mai 1988) var ein britisk spion og politisk journalist. Han er kjend for å ha vore dobbeltagent for Sovjetunionen medan han arbeidde for britisk etterretning.

Kim Philby

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 1. januar 1912
Ambala
Død

11. mai 1988 (76 år)
Moskva

Yrke spion, journalist, kommentator, etterretningsoffiser
Språk engelsk, russisk
Medlem av Cambridge Five
Far St John Philby
Mor Dora Johnston
Ektefelle Litzi Friedmann, Rufina Pukhova, Aileen Amanda Furse, Eleanor Kerns
Kim Philby på Commons

Biografi endre

Philby var fødd i Ambala i Punjab i Britisk India som son av Dora (fødd Johnston) og St John Philby, ein britisk orientalist, embetsmann og etterretningsoffiser. Han fekk kallenamnet «Kim» etter Rudyard Kipling sin roman Kim. I 1933 blei han knytt til sovjetisk etterretningsteneste medan han studerte i Cambridge.[1] Han vart ein del av den såkalla spionringen frå Cambridge, saman med Donald Maclean, Guy Burgess, Anthony Blunt og John Cairncross.

Philby verka som spion for både Storbritannia og Sovjetunionen under Den spanske borgarkrigen medan han var korrespondent for The Times. Seinare blei han korrespondent for fleire britiske aviser. I 1951 kom han i søkelyset etter at to britiske diplomatar var rømt til Sovjetunionen fordi dei var avslørt som sovjetiske agentar. Først 1960–63 blei Philby avslørt og rømte då til Moskva. Han hadde sidan ei høg stilling i KGB.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Kim Philby». Store norske leksikon. 20. juni 2012.