Dona Beatriz Kimpa Vita Nsimba (16842. juli 1706) var ein kongolesisk profet og kristen leiar. Tittelen «Dona» viser at ho var fødd inn i ein overklassefamilie i Kongoriket.[1] Ho fekk seinare namnet Beatriz etter den katolske helgenen. Ho etablerte si eiga kristne rørsle, antonismen, som lærte at ho var ein inkarnasjon av den heilage Antonius frå Padova og at Jesus Kristus og andre tidlege kristne var frå Kongoriket.[1]

Kimpa Vita

Statsborgarskap Kongeriket Kongo
Fødd 1684
Død

2. juli 1706 (22 år)

Yrke politikar, profet, religiøs leiar, spiritual leader
Religion Antonianismen

UNESCO har inkludert Kimpa Vita i sitt oversyn over viktige kvinner i afrikansk historie.[2]

Bakgrunn for antonismen endre

Då krigane mot portugisarane auka i Kongoriket i siste halvdel av 1600-talet, gjekk kongeriket i oppløysing. Det vart delt opp i små territorium som vart styrt av krigsherrar og medlemmer av den gamle kongolesiske overklassen. Minnet om stordomstida til Kongoriket levde likevel vidare, og fleire folkelege rørsler oppstod, ut frå folks ønske om å attskapa den tidlegare stordommen i kongedømmet.[1]

Katolisismen hadde vore praktisert i Kongo både blant overklassen og resten av folket sidan 1400-talet, og folket, som verken hadde politisk eller militær makt, knytte håpet sitt til at den heilage treeininga og katolske helgenar skulle redde landet og gi det tilbake si tidlegare makt og ære. Dette vart dermed drivkrafta bak fleire av dei nye åndelege og religiøse rørslene som oppstod.[1]

Antonismen endre

 
Statue av Kimpa Vita i Angola

Den viktigaste av dei mange nye rørslene var antonismen, som vart grunnlagd av Kimpa Vita. I 1704 vart ho sjuk og hevda at ho var besett av ånda til den heilage Antonius, som etter dette tok opp problema til kongeriket gjennom henne. Ho hadde frå tidlegare opplæring som ein nganga marinda, eit menneske som rådfører seg med den åndelege verda for å løysa verdslege problem. Som medium for heilage Antonius preika og arbeidde ho for ei revitalisering av kongedømmet gjennom ein visjon av katolisismen som var sterkt knytt til kongolesisk historie og geografi. Den heilage kommunikasjonen ho hadde med Himmelen, avslørte at det fanst ein afrikansk heilag familie. Ifølgje denne visjonen vart Jesus fødd i M'banza Kongo og døypt i den nordlege provinsen Nsundi. Mora til jomfru Maria var ein slave av den kongolesiske adelsmannen Nzimba Mpangi. Kimpa Vita lærte òg bort nye versjonar av Ave Maria og Salve Regina som var meir relevante for ein kongolesisk tankegang.[1]

Tilhengjarane av antonismen meinte at den heilage Antonius frå Padova skulle bli Kongorikets redning. Kimpa Vita anerkjende Pavens autoritet, men var i opposisjon til dei europeiske misjonærane, og gjennom antonismen forkynte ho ein kristendom som var tilpassa kongolesiske tradisjonar.

Ho slo seg ned i hovudstaden M’banza Kongo, som var lagt i ruinar etter borgarkrigane i 1660-åra.[3] Dei mange tilhengarane hennar bygde opp byen igjen, etter at Kimpa Vita hadde forkynt at dette var Guds vilje.[4] Frå hovudsetet sitt i M’banza Kongo sende ho ut emissærar for å spreia læra si, og påverka og oppfordra herskarane i dei mange småstatane til å samlast under éin konge.[1] Kongen følte likevel at ho var ein trussel mot hans makt, med dei mange tilhengarane sine, og i samråd med misjonærane fekk han henne dømd som kjettar. Ho vart brunnen på bålet i 1706, saman med det vesle spedbarnet sitt som, ifølgje henne sjølv, ho var vorte svanger med ved sin eigen verneengel.[4]

Antonismen overlevde grunnleggjaren sin. Den kongolesiske kongen Pedro IV brukte rørsla til å sameina og fornya kongeriket. Kimpa Vita sine idear levde blant bøndene, og dukka opp i ulike messias-kultar heilt til rørsla to hundreår seinare fekk ny form under den kongolesiske predikanten Simon Kimbangu (1887–1951).[4] Han grunnla den nyreligiøse rørsla kimbanguismen. Han hevda ikkje å vera inkarnasjonen av St. Antonius, men av Den heilage ande.[5]

Kjeldar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Women Leaders in African History: Dona Beatriz, Kongo Prophet». Henta 2. november 2021. 
  2. «UNESCO Women in Africa History | Women». Henta 2. november 2021. 
  3. «M'banza Congo | Angola» (på engelsk). Henta 2. november 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 C, Brockman, Norbert (1682-1706). «Kimpa Vita (A)» (på engelsk). Henta 2. november 2021. 
  5. «Is the Holy Spirit living in Africa?». BBC News (på engelsk). 10. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff endre