Kinase
Kinasar er enzym som overfører ei fosfatgruppe frå adenosintrifosfat (ATP) til ei anna sambinding. Denne prosessen vert kalla fosforylering.
Det finst mange ulike kinasar. Nokre døme på kinasar er enzyma som overfører ei fosfatgruppe frå ATP til glukose eller kreatin under danninga av glukosefosfat og fosfokreatin.
Kjelder
endre«kinaser» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 5. november 2016.