The Kinks

(Omdirigert frå Kinks)

The Kinks er eit engelsk rockeband. Det vart danna 17. mars 1963 og var ein del av den britiske bølgja. The Kinks har vorte kalla eit av dei viktigaste rockebanda gjennom tidene og vore ei inspirasjonskjelde for mange andre band heilt frå starten av.[1]

The Kinks

The Kinks i 1965. Frå venstre: Pete Quaife, Dave Davies, Ray Davies, Mick Avory.
OpphavLondon i England
Aktiv1963–1996, 2008-til i dag
SjangerRock, pop, hardrock
PlateselskapPye, Reprise, RCA, Arista, London, MCA, Sony, Konk/Guardian
MedlemmerRay Davies
Dave Davies
Mick Avory
Tidlegare medlemmerPete Quaife
John Dalton
John Gosling
Andy Pyle
Gordon Edwards
Mark Haley
Jim Rodford
Ian Gibbons
Bob Henrit
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Kinks slo igjennom i 1964 med den tredje singelen sin, «You Really Got Me», skriven av Ray Davies. Namnet på bandet har hatt fleire forklaringar, mellom anna at det kom frå dei «kinky» lærkappene og støvlane dei hadde på under konsertane sine.[2] Den opphavlege besetninga bestod av Ray Davies på vokal og rytmegitar, Dave Davies på sologitar og vokal, Pete Quaife på korvokal og bass og Mick Avory på trommer og perkusjon. Etter at Quaife forlét bandet i 1969, heldt dei fram som eit tremannsband med forskjellige bassistar og keyboardistar. I 1984 førte krangling mellom Dave Davies og Mick Avory til at sistnemnde forlét bandet, og berre dei to brørne var att frå den opphavlege besetninga. Forholdet dei i mellom vart derimot òg dårlegare og etter fleire dårleg mottekne album la bandet til slutt inn årene i 1996.

Dei tidlege, drivande singlane til bandet sette rock and roll-standarden på midten av 1960-talet, medan album som Face to Face,[3] Something Else by The Kinks, The Kinks Are the Village Green Preservation Society, Arthur, Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One og Muswell Hillbillies og dei tilhøyrande singlane er høgt verdsette av tilhengjarar, kritikarar og likemenn, som nokre av dei viktigaste innspelingane på den tida.[2] I new wave-perioden spelte grupper som The Jam, The Knack og The Pretenders songane til Kinks[2] og britpop-artistar som Blur, Oasis og Supergrass har omtalt dei som ein stor påverknad.[1] Mange moderne band som The Killers, The Libertines og Franz Ferdinand har òg sagt liknande om The Kinks og låtskrivinga til Ray Davies. I VH1-dokumentaren HEAVY: the Story of Metal er The Kinks nemnt som ein av dei tidlegaste banda med spor av heavy metal.

Som ein sjølverklært Kinks-fan sa Pete Townshend for The History of Rock 'n' Roll: «The Kinks var det mest fullkomne engelske. Eg har alltid synst at Ray Davies ein dag bør bli hoffdiktar. Han kom opp med ei ny form for poesi og eit nytt språk for poptekstar som påverka meg heilt frå starten av.»

Historie endre

Dei første åra: 1963–1966 endre

 
The Kinks opptrer i Nordstrandhallen i 1966.

Davies-brørne var fødd i Nord-London. Ray Davies studerte for å bli teaterinstruktør ved Hornsey College of Art og fekk erfaring i musikk som gitarist i det Soho-baserte Dave Hunt Band i 1963.[2] Ray og broren Dave hadde spelt skiffle og rock 'n' roll saman. Brørne gjekk begge på William Grimshaw Secondary Modern School, i dag Fortismere School. Venen og klassekameraten Pete Quaife slo seg saman med dei, og dei hadde danna eit band, med venen til Quaife, John Start, på trommer.[1] Bandet hadde fleire songarar i løpet av ein periode, den mest kjende av desse var Rod Stewart. Stewart spelte med gruppa ved minste eitt høve våren 1962 (då dei heitte The Ray Davies Quartet), men vart droppa etter at mor til den dåverande trommeslagaren John Start klaga på stemma hans, og at dei ikkje gjekk så godt i lag.

Bandet nytta fleire namn mellom 1962 og 1963, som «The Ray Davies Quartet», «The Pete Quaife Band», «The Bo-Weevils», og «The Ramrods», før dei slo seg til ro med «The Ravens» sommaren 1963. På denne tida kom trommeslagar Mickey Willet inn i bandet. I desember 1963 var dei på audition hos Philips Records men vart sendt ut. Ein demokassett enda til slutt hos den amerikanske plateprodusenten Shel Talmy, som hjelpte dei til kontrakt med Pye Records tidleg i 1964. Det var på denne tida at The Ravens endra namn til «The Kinks».[1]

Det finst fleire ulike forklaringar på opphavet til namnet. I Jon Savage si tolking trengde dei ein eigen «gimmick» for å få merksemd[a] Manageren Robert Wace har fortald om namnet at han hadde ein venn som kom på ideen om namnet som ein god måte å få merksemd på. Gruppa skal først ha blitt forferda av forslaget, dei ville ikkje kallast «kinky».[b] Ray Davies sin motseiande versjon av soga fortel at Larry Page kom på namnet, og at det viste til den «kinky» klesstilen deira. Ifølgje Davies sa han: «The way you look, and the clothes you wear, you ought to be called the Kinks.»[4] Sjølv sa Davies at han aldri har likt namnet.[c]

Før dei signerte kontrakten forlét trommeslagaren Willet bandet. The Kinks inviterte trommeslagar Mick Avory med i bandet etter å ha sett annonsa hans i magasinet Melody Maker. I tillegg kjende Ray Davies Avory frå før sidan dei hadde vokse opp i det same nabolaget. Avory hadde tidlegare spelt ein konsert med The Rolling Stones,[5] men hadde bakgrunn som jazztrommis.[6]

Den første singelen frå The Kinks, «Long Tall Sally», var ein song av Little Richard, men sidan The Beatles alt hadde hatt stor suksess med denne songen, vart The Kinks si utgåve oversett. Bandet fekk likevel ein del publisitet med god hjelp frå managerane Robert Wace, Grenville Collins og Larry Page. Den andre singelen deira, «You Still Want Me», vart òg ein flopp".[2]

Den tredje singelen, «You Really Got Me», slo derimot til for fullt og gjekk heilt til topps i Storbritannia og inn på Topp 10 i USA etter at bandet spelte songen på det britiske TV-showet Ready Steady Go!. Det høge, forvrengde gitarriffet — som Davies fekk til ved å kutte opp høgtalarane i Elpico-fosterkarane sin — gav songen den kjende, grumsete gitarlyden. «You Really Got Me» var definitivt styrande for korleis hardrock og heavy metal kom til å høyre ut. Den fjerde singelen til bandet, «All Day and All of the Night», ein annan hardrock-song, kom ut seint i 1964. Denne singelen gjekk til andreplassen i Storbritannia og til sjuandeplassen i USA.[2] I 1965 spelte The Kinks inn «Set Me Free» og «Tired of Waiting for You», som begge inneheld eit repeterande bassgitarriff.

Gruppa gav ut tre album og fleire EP-ar dei neste to åra. Dei turnerte samstundes kontinuerleg, noko som førte til gnissingar i bandet.[1] Nokre legendariske slåstkampar skjedde til og med på scenen i denne tida, mellom anna i The Capitol Theatre i Cardiff i Wales i 1965 då den normalt så rolege trommeslagaren Avory slo Dave Davies med hi-hat-pedalen og gjekk til åtak på han på scenen.[2] Avory hevda seinare at det var ein del av eit nytt show der bandet skulle kaste instrument på kvarandre.

Etter den amerikanske turneen sommaren 1964, nekta American Federation of Musicians bandet å spele i Amerika dei neste fire åra, og The Kinks fekk ikkje lenger innpass i den største marknaden for rockemusikk på høgda av den britiske bølgja.[7]

Bandet gjorde den første turneen sin i Australia og New Zealand i januar 1965 i lag med Manfred Mann og The Honeycombs. Etter ein kort stopp i Mumbai i India på veg til Australia, skreiv Davies songen «See My Friends». Han kom ut som singel i juli 1965 og var eit av dei første tydelege døma, i lag med The Beatles sin «Norwegian Wood», på blanding av vestleg og indisk musikk.

Den stilmessige endringa vart først tydlege seint i 1965, då singlar som «A Well Respected Man», «Dedicated Follower of Fashion» og det tredje albumet The Kink Kontroversy kom ut. Desse synte ei utvikling i låtskrivinga til Davies, frå harde rockesongar, til songar som var meir rike på samfunnskommentarar, observasjonar og s songwriting, from hard-driving rock numbers toward songs rich in social commentary, observation og skildring av forskjellige karakterar, alle med ein unik engelsk smak. Den satiriske singelen «Sunny Afternoon» var den største hitten i Storbritannia sommaren 1966, og toppa listene.[2][1]

Før bandet gav ut The Kink Kontroversy, fekk Ray Davies eit nervesamanbrot på grunn av presset som turneane, låtskrivinga og pågåande rettslege stridar la på han. Han brukte fleire månader på å kome seg att, og skreiv fleire ny songar i denne tida medan han tenkte på kva retning bandet skulle ta. Quaife var òg borte frå bandet det meste av 1966 etter ei bilulukke. Då han var frisk att, valde han å trekke seg frå bandet, og venen John Dalton erstatta Quaife før han valde å kome tilbake til bandet mot slutten av året. Dette førte til meir stid, sidan Avory var meir vand med spelestilen til Dalton.[8]

«Sunny Afternoon» bana veg for albumet Face to Face, som synte at Davies stadig utvikla seg på låtskrivarfronten med songar om kvardagsliv og folk. Ein av songane på albumet, «Session Man», vart skriven om den kjende studiomusikaren Nicky Hopkins, som ofte var med bandet i studio på tangentinstrument, mellotron og cembalo. Hopkins hadde først spelt med bandet på The Kinks Kontroversy året før. Han skulle òg spele på dei neste to studioalbuma og på fleire innspelingar for BBC med bandet, før han slo seg saman med The Jeff Beck Group i 1968.

Den store singelen og samfunnskommentaren «Dead End Street» vart gjeve ut samstundes med Face to Face, og vart ein ny stor hit i Storbritannia. Han gjorde det ikkje like bra i USA, der han berre nådde 73. plass på Billboard-lista.

«Gullalderen»: 1967–1972 endre

 
The Kinks opptrer på fjernsynsprogrammet Fanclub i 1967.

I mai 1967 vendte The Kinks tilbake med «Waterloo Sunset», som nådde andreplassen i Storbritannia. Det var ein emosjonell singel om ein melankolsk person som spionerer på to kjærastar som møter kvarandre på Waterloo Bridge i London. Songane på albumet Something Else By The Kinks frå 1967 tok dei musikalske framstega enno eit hakk vidare frå Face to Face, og her fann ein til dømes songar påverka av engelsk varieté. Dave Davies skreiv ein stor hit med «Death of a Clown», skriven i lag med Ray og spelt inn av The Kinks, men gjeven ut som ein solosingel av Davies (men noko forvirrande òg gjeven ut på albumet Something Else).

Etter at Something Else ikkje oppnådde dei venta salstala, gav The Kinks raskt ut singelen «Autumn Almanac», som vart ein hit i Storbritannia. Den neste singelen, som kom våren 1968, «Wonderboy», nådde berre 36. plass og vart den første singelen deira i Storbritannia som ikkje nådde Topp 20 sidan dei første singlane deira.

Gjennom 1968 heldt Davies fram med å skrive personlege songar, samstundes som han kjempa mot kravet om å produsere fleire kommersielle hittar. Mot slutten av juni gav The Kinks ut singelen «Days», som nådde 12. plass i Storbritannia. Songen var òg på Topp 20 i fleire land i Europa, men nådde ikkje listene i USA. Singelen er òg den siste med den originale besetninga i bandet.

Det neste albumet deira kom hausten 1968 og vert i dag i stor grad rekna som eit meisterverk, men då The Kinks Are the Village Green Preservation Society kom ut selde det forholdsvis dårleg. Albumet er ei samling av tematiske vignettar som omhandlar bylivet, og bestod av songar skriven i løpet av dei to siste åra. Produksjonen var bevisst gjort enkel i kontrast til den ekstravagante stilen som gjerne var vanleg på denne tida, og albumet hadde heller ikkje ein populær singel. Sjølv om det ikkje selde bra, vart det godt teke i mot av musikkpressa, særleg i USA der The Kinks hadde starta å få status som eit kultband. Village Green vert i dag rekna som eit av dei beste rockeplatene frå den tida. Songen «Picture Book» frå albumet vart nytta i ein populær fjernsynsreklame for Hewlett-Packard i 2004.

Den originale bassisten Peter Quaife trekte seg frå bandet i mars 1969 for å danne sitt eige band, Mapleoak. Dette kom òg av lengre krangling mellom han og Ray Davies, og han var raskt erstatta av John Dalton. Same året fekk bandet igjen lov å turnere i Amerika. Konsertopplegget i Amerika hadde endra seg stort i løpet av dei fire åra Kinks var bannlyst, og dei måtte på mange måtar starte på nytt. Dei første konsertane deira vart haldne på små stader som Fillmore East. Det tok bandet fleire år og hardt arbeid før dei klarte å trekke større publikum til konsertane sine i USA.

Før dei reiste til USA, spelte The Kinks inn eit nytt album, Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire). Som med dei to førre albuma var Arthur fylt med britiske tekstar og musikalske godbitar, og vart laga som musikken til eit tenkt fjernsynsdrama. Albumet gjorde det kommersielt ok, og vart særleg godt teken i mot av kritikarane i Amerika, som samanlikna det med rockeoperaen Tommy av The Who. Mykje av albumet var inspirert syster til Ray og Dave, Rosie, som hadde flytta til Australia tidleg i 1960-åra med mannen sin. Rosie hadde stor musikalsk påverknad på brørne sine i ungdommen, og ho inspirerte til fleire Kinks-songar, som «Australia», «Rosie Won't You Please Come Home» og «Come Dancing».

Bandet tok med seg keyboardisten John Gosling som fast medlem, medan dei spelte inn oppfølgjaren til Arthur. Før dette hadde Nicky Hopkins, i lag med Ray, gjort det meste av studioarbeidet. Gosling gjorde sin debut med The Kinks på «Lola» (1970), ei smart soge om eit forvirra romantisk møte med ein transvestitt, som vart ein hit både i Storbritannia og USA. Songen hadde opphavleg ein referanse til «Coca Cola», men BBC nekta å spele songen då dette var eit brot på reklameforbodet deira. Singelen vart så raskt spelt inn på nytt og linja vart endra til «cherry cola». Albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One vart det mest suksessrike albumet deira sidan midten av 1960-åra. Albumet inneheldt òg den siste singelen deira som nådde den britiske Topp 10-lista, «Apeman».

I 1971 gav bandet ut Percy, eit filmmusikkalbum til filmen med same namn, som handla om ein penistransplantasjon. Albumet vert rekna som heller svakt. Det amerikanske plateselskapet til bandet, Reprise, nekta å gje det ut i Amerika og striden dette førte til gjorde at bandet forlét selskapet.

I 1971 hadde kontraktane med Pye og Reprise gått ut. Mot slutten av året hadde The Kinks signerte ein avtale for fem album med RCA Records, som dei fekk ein million dollar for i forskot. Dette gjorde at dei kunne finansiere eit eige platestudio, Konk. Debuten deira på RCA, Muswell Hillbillies, var sterkt påverka av country og vert ofte hylla som det siste store albumet deira, sjølv om det ikkje gjorde det kommersielt bra. Eit par månader etter Muswell Hillbillies gav Reprise ut den doble samlinga The Kink Kronikles, som faktisk selde meir enn Muswell Hillbillies.

Dobbeltalbumet Everybody's in Show-Biz frå 1972 bestod av ei plate med studioinnspelingar og ei side med konsertinnseplingar frå to kveldar i Carnegie Hall i New York. Plata inneheld balladen «Celluloid Heroes» og den fengande «Supersonic Rocket Ship», som vart den siste singelen deira som nådde Topp 20 i USA på meir enn ti år. «Celluloid Heroes» var ei bittersøt grubling over døde Hollywood-stjerner, og Ray Davies innrømmer at han skulle ønske livet hans var som ein film, «because celluloid heroes never feel any pain/And celluloid heroes never really die.» Albumet selde svakt i Storbritannia, men gjorde det betre i USA. Plata var ein overgang frå rockesongane tidleg i 1970-åra til den meir teatralske tilnærminga dei skulle ta dei neste fire åra.

Teatralsk utgåve: 1973–1976 endre

I 1973 stupte Ray Davies med hovudet først inn i ein teatralsk stil som starta med rockeoperaen Preservation, ei flytande soge om ein samfunnsrevolusjon. Samstundes utvida Davies besetninga til The Kinks med ei blåserekkje og kvinnelege korsongarar, og omforma i praksis gruppa til ein teatralsk trupp. Preservation: Act 2 var det første prosjektet som vart spelt inn i Konk Studio. Frå den tid vart stort sett alt Kinks spelte inn i studio produsert av Ray Davies ved Konk.

Ekteskapsproblema til Ray Davies i denne perioden påverka bandet. I tillegg var bandet plaga av alkohol- og narkotikamisbruk, og fleire medlemmer likte ikkje den nye teatralske tilnærminga. Resultatet vart ujamne plater og populariteten vart stadig mindre. Songar verdt å nemne frå denne tida var «Daylight», «Where Are They Now?» og «Sweet Lady Genevieve», og den meir rockaktige «Money Talks».

Preservation: Act 1 var meir ein varieté enn ein rockeopera og kom ut seint i 1973 til stort sett dårleg kritikk. Konsertframsyningane fekk betre kritikk. Preservation: Act 2 kom sommaren 1974 og vart teken i mot like dårleg. Davies starta raskt på ein ny musikal, Starmaker, denne gongen for det britiske Granada Television. Etter ei sending med Ray Davies i hovudrolla og The Kinks som både støtteband og karakterar, vart prosjektet omgjort til eit tematisk komplekst konseptalbum, The Kinks present A Soap Opera, som kom ut våren 1975. Her fantaserte Ray Davies om kva som ville skje om ei rockestjerne byta plass med ein «normal Norman» og tok ein 9 til 5 jobb.

Same året spelte The Kinks det siste teatralske verket sitt, Schoolboys in Disgrace, ei bakgrunnssoge for kapitalisten i Preservation, overherre Mr. Flash. Samanlikna med dei tre førre albuma, var songane på Schoolboys meir sjølvstendige frå konseptet til albumet og hadde ein hardare rockesong. «No More Looking Back» vart trekt fram av tilhengjarane som ein særleg god song, og den streite rockelåten «The Hard Way» vart eit populært innslag på Kinks-konsertar åra framover.

The Kinks signerte ein avtale med Arista Records i 1976 og styret i Arista oppfordra dei til å satse som eit arenarock-band. Besetninga gjekk då tilbake til berre fem mann.

Rock var òg trenden på denne tida, med punkrørsla i spissen. Eit av dei største banda på denne tida, Van Halen, fekk gjennombrotet sitt med ei arenarock-utgåve av «You Really Got Me», som igjen gjorde at The Kinks fekk ein kommersiell oppgang. Bandet skulle snart klatre inn på salslistene igjen med det som skulle verte den mest kommersielt suksessrike perioden deira.

Ny kommersiell suksess: 1977–1984 endre

 
Ray Davis i Toronto i 1977
 
Dave Davis i 1979

John Dalton forlét bandet like før dei gjorde ferdig «Mr. Big Man» for debutalbumet deira på Arista album. Andy Pyle kom inn for å spele på den komande turneen. Sleepwalker inneheld den rørande balladen «Brother» og den reflekterande rockelåten «Juke Box Music». Singelen «Father Christmas» kom ut seint i 1977 og vart ofte spelt i juletider på radio.

Andy Pyle og keyboardisten John Gosling forlét snart bandet for å jobbe i lag på andre prosjekt. Dalton kom tilbake for å gjere ferdig turneen, og eks-The Pretty Things keyboardist Gordon Edwards kom inn i bandet. Det andre albumet til The Kinks på Arista, Misfits, og det einaste albumet deira med Andy Pyle, kom ut i 1978 og inneheld den vesle hitten «A Rock 'n' Roll Fantasy». Tittelsporet på albumet var ein kommentar til den manglande kommersielle suksessen bandet opplevde. Misfits vert ofte omtalt som eit av dei beste av dei seinare albuma til bandet.

Det låg fleire endringar i besetninga i tida framover, før The Kinks fekk ei meir stabil besetning igjen. Dalton forlét bandet for godt etter den britiske turneen, og Gordon Edwards følgde raskt etter. Tidlegare bassist i Argent, Jim Rodford, kom inn i bandet og var med på innspelinga av albumet Low Budget med Ray Davies på keyboard. Ian Gibbons frå bandet Life vart så trekt inn på keyboard for den neste turneen, og vart raskt eit fast medlem. Trass i nye medlemmar auka suksessen til bandet, både i platesal og konsertar.

Mot slutten av 1970-åra spelte new wave-band som The Jam («David Watts») og The Pretenders («Stop Your Sobbing») og hardrockband som Van Halen («You Really Got Me») inn Kinks-songar, og medførte av Kinks sine eigne album på denne tida selde betre. Hardrock- og punkrockstilenLow Budget (1979) var medverkande til albumet klatra heilt til 11. plass på den amerikanske albumlista. Davis skreiv her intelligente, polerte og kommsersielle songar som «Pressure», «A Gallon of Gas», «Catch Me Now I'm Falling», og den mindre hitten og discoinfluerte songen «(Wish I Could Fly Like) Superman».

Eit konsertalbum (deira tredje) og ein video, begge kalla «One for the Road», kom ut i 1980. Dave Davies tok nytte av den auka populariteten til bandet og gav ut eit soloalbum på eiga hand, det sjølvtitulerte Dave Davies i 1980. I 1981 gav han ut det mindre suksessfulle Glamour.

Det neste Kinks-albumet, Give the People What They Want, kom ut seint i 1981 og nådde 15. plass i USA. Det selde til gull og inneheldt den optimistiske pubrockelåten «Better Things», som vart ein liten hit i Storbritannia, og «Destroyer», begge songar som minna om stilen bandet hadde i 1960-åra. The Kinks var ute på turne det meste av 1982. Våren 1983 vart den nostalgiske «Come Dancing» den største amerikanske hitten deira, på sjetteplass, sidan «Tired of Waiting for You». Han var òg den første songen dei hadde inne på Topp 20 i USA sidan 1972. Albumet State of Confusion kom så ut og vart nok ein kommersiell suksess med ein tolvteplass i USA. Igjen klarte ikkje albumet å nå inn på lista i Storbritannia, noko ingen av albuma deira hadde klart sidan 1967. Av songar på dette albumet finn ein balladane «Don't Forget to Dance» (Topp 30 i USA og ein liten hit i Storbritannia), «Long Distance», tittelsporet og den milde, allsongvennlege «Heart of Gold». Songen «Young Conservatives» var ein kommentar om den yngre generasjonen i 1980-åra. På denne tida innleidde Ray Davies eit romantisk forhold med Chrissie Hynde frå The Pretenders, og dei fekk dottera Natalie Ray, i 1983.

The Kinks spelte i Saturday Night Live tre gonger i denne perioden, noko som var hjelpte på populariteten deira.

Den andre populære bølgja til The Kinks nådde toppen med State of Confusion i 1983, men både indre og ytre faktorar skulle snart starte å underminere dei. Ein ny generasjon musikarar tok gradvis over frå dei meir klassiske artistane som David Bowie, The Who og The Rolling Stones. Band påverka av The Kinks, som U2, The Smiths, The Jam og Duran Duran toppa listene. Konsertmarknaden i USA var metta for Kinks sin del etter nesten ti år med kontinuerleg turnering. I tillegg nådde dei indre stridane i bandet eit kritisk punkt.

Hausten 1983 starta Ray Davies på eit ambisiøst filmprosjekt for seg sjølv kalla Return to Waterloo, om ein pendlar i London som dagdrømmer at han er ein seriemordar. Tim Roth hadde ei av sine første roller i filmen. Davies ønske om å skrive manus og regissere filmen førte til dårleg luft mellom han og broren. Eit anna problem var at den stormfulle romansen mellom Ray Davies og Chrissie Hynde gjekk mot slutten. Ein gammal krangel mellom Dave Davies og trommeslagar Mick Avory blussa òg opp att. Dave Davies ønskte Avory bort og erstatta av Robert Henrit, tidlegare trommeslagar i Argent. Han hadde spelt trommer på soloalbuma til Dave.

Konfliktane gjekk utover bande. Forholdet mellom Avory og Dave Davies var så dårleg at Dave nekta å arbeide med Avory. Trass i at Avory var god ven med Ray Davies, måtte Davies velje ei side og Avory måtte gå. Bob Henrit vart tatt inn som erstattar. Ray Davies tilbaud Avory å styre Konk Studios, noko han gjorde, der han òg arbeidde som produsent.

Før Return to Waterloo var ferdig og Avory forlét bandet, hadde dei alt starta innspelinga av Word of Mouth, som kom ut seint i 1984. Avory medverka på tre songar. Albumet var i same stil som dei førre Kinks-platene, men fleire av songane hadde alt vore med i Return to Waterloo, og andre songar manglar sjela, smartheita og kvaliteten som dei førre albuma hadde hatt. Trass i dette inneheldt albumet nokre få betre spor som balladen «Missing Persons», Dave Davies sin «Living on a Thin Line», og den siste songen The Kinks nokon gong hadde på Billboard Hot 100, «Do it Again» (41. plass).

Ut av populariteten: 1985–1996 endre

 
Ray Davies opptrer i Brussel i 1985.

Word of Mouth var det siste Kinks-albumet på Arista Records. Tidleg i 1986 signerte bandet ein avtale med MCA Records i USA og London Records i Storbritannia. Det første albumet deira på det nye selskapet deira var Think Visual, som fekk moderat suksess med songar som balladen «Lost and Found» og «Working at the Factory», i tillegg til tittelsporet, som var eit åtak på MTV-kulturen bandet hadde sett ut til å hauste fruktene av tidlegare på tiåret. Under innspelinga av Think Visual vart Mick Avory vener med Dave Davies igjen og spelte på ein song av Dave, «Rock 'N' Roll Cities». Avory vart spurt om han ville kome tilbake til The Kinks, men avslo og ønskte ein pause frå rockelivet. The Kinks følgde opp Think Visual i 1987 med eit anna konsertalbum, The Road, som fekk lunken mottaking både av kritikarane og tilhengjarane. I 1989 gav The Kinks ut UK Jive var ein stor flopp og MCA Records sa til slutt opp kontrakten med dei. The Kinks måtte dermed ut på leiting etter eit nytt plateselskap for første gong på over 25 år. Keyboardisten Ian Gibbons forlét bandet i denne perioden, skuffa over den brå mangelen på suksess, og vart erstatta av Mark Haley.

I 1990 vart The Kinks innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i lag med The Who, Simon and Garfunkel, The Four Seasons, The Four Tops, Hank Ballard og The Platters. Mick Avory og Pete Quaife var med bandet på utdelinga. Då han tok imot prisen såg Ray Davies ut mot publikum og sa, «Seeing everybody makes me realise rock 'n' roll has become respectable. What a bummer.» Prestisjen dette medførte gjorde ikkje mykje for den stagnerte karrieren til The Kinks. I 1991 kom eit samlealbum frå MCA Records-perioden, Lost & Found (1986-1989) som vart gjeven ut for å oppfylle kontrakten med MCA. Bandet signerte for Columbia Records og gav ut EP-en Did Ya, som inneheldt fem songar. Trass i ei nyinnspeling av hitten frå 1968, «Days», gjekk ikkje EP-en inn på noko salsliste.

Det første albumet til The Kinks for Columbia var Phobia (1993). Etter at Mark Haley forlét bandet spelte bandet ein utseld konsert i Royal Albert Hall i London. Gibbons kom tilbake for ein amerikansk turne og vart eit fast medlem i bandet att. Albumet fekk god kritikk, men selde dårleg, og nådde berre 166. plass i USA. Songane på albumet var i ein nidkjær tungrock-stil, med songar som «Hatred». Ein singel frå albumet, «Only a Dream», klarte så vidt å nå den britiske singellista, på 79. plass.

Etter denne salsmessige floppen vart bandet droppa av Columbia i 1994. Bandet gav då ut den første utgåva av albumet To the Bone på sitt eige Konk-selskap i Storbritannia. Det var eit konsertalbum som bestod av opptak frå den suksessrike britiske konsertturneen i 1993 og 1994, og songar spelt inn i Konk studio føre eit lite publikum. To år seinare vart ei utbetra utgåve av albumet gjeve ut som ei dobbelplate i USA, framleis kalla To The Bone. Dette bestod av to nye studioopptak. Albumet fekk ok kritikk, men selde som vanleg dårleg.

Bandet vart stadig meir respektert utover 1990-talet då Britpopen oppstod i Storbritannia. Fleire av dei største banda i denne perioden, som Blur, Pulp, Suede og Oasis, trekte alle fram The Kinks som ei stor inspirasjonskjelde på karrierane deira. Særleg frontmannen i Blur, Damon Albarn, og Noel Gallagher frå Oasis, la stor vekt på The Kinks som eit av dei banda som påverka låtskrivinga deira mest. Dette hjelpte derimot lite på platesalet til The Kinks.

Brotet og tida etter: 1997–2007 endre

 
Dave Davies opptrer i 2002.

The Kinks spelte i lag siste gong i midten av 1996. Bandmedlemmene starta så med soloprosjekt, og både Ray og Dave Davies gav ut kritikarroste soloalbum. Det var mykje ryktet mot slutten av 1990-talet om gjenforeining, men ingen av brørne var interesserte i å spele med kvarandre.

Ray Davis gav ut eit soloalbum kalla Storyteller, der han fortalde soger om gamle mange kjende songar som bandet hadde spelt tidlegare. Dette inspirerte musikkanalen VH-1 til å lage ein TV-serie kalla VH1 Storytellers der kjende rockeartistar heldt konsertar i studio og fortalde om songane.

Hausten 2005 vart The Kinks innlemma i UK Music Hall of Fame, og alle dei originale medlemmene møtte opp for å motta prisen. Prisen vart gjeven til dei av Pete Townshend frå The Who.

I eit intervju med BBC Radio 4 hausten 2008, fortalte Ray Davies at bandet var i ferd med ei gjenforeining, og at dei i så fall kom til å arbeide med nye ting, ikkje berre spele gamle klassikarar. Hovudargumentet mot dette var om broren Dave Davies var frisk nok til å delta etter at han vart råka av slag i 2004.[9]

Noreg endre

Sommeren 1966 spelte gruppa i Landåshallen i Hordaland.[10]

Besetning endre

Siste besetning endre

Medlemmer endre

Musikar Aktiv periode Rolle
Ray Davies Feb 1964–1996 solovokal, rytmegitar, munnspel, keyboard, låtskrivar
Dave Davies Feb 1964-1996 harmonivokal, sologitar, stundom solovokal og låtskriving
Mick Avory Feb 1964-1984 trommer og perkusjon
Pete Quaife Feb 1964-juni 1966, Nov 1966-1969 bassgitar, korvokal
John Dalton Juni 1966-Nov 1966, 1969-76, 1978 bassgitar, korvokal
Nicky Hopkins 1964-1969 keyboard (studio)
John Gosling 1970-78 keyboard
Andy Pyle 1976-78 bassgitar
Gordon John Edwards 1978 keyboard, korvokal
Jim Rodford 1978-1996 bassgitar, korvokal
Ian Gibbons 1979-89, 1993-96 keyboard, korvokal
Bob Henrit 1984-1996 trommer og perkusjon
Mark Haley 1989-1993 keyboard, korvokal

Diskografi endre

Sjå diskografien til The Kinks.

Merknadar endre

  1. «[...] needed a gimmick, some edge to get them attention. Here it was: 'Kinkiness'—something newsy, naughty but just on the borderline of acceptability. In adopting the 'Kinks' as their name at that time, they were participating in a time-honoured pop ritual—fame through outrage.»[4]
  2. «I had a friend... He thought the group was rather fun. If my memory is correct, he came up with the name just as an idea, as a good way of getting publicity... When we went to [the band members] with the name, they were... absolutely horrified. They said, 'We're not going to be called kinky!»[4]
  3. "I've never really liked the name»", Ray stated.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «The Kinks Biography on All Music.com». 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «The Kinks Biography på BBC Music.co.uk». 
  3. «The Kinks Biography on RollingStone.com». Arkivert frå originalen 21. juni 2008. Henta 2. april 2009. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Savage, Jon (1984). s. 17
  5. «Mick Avory Biography på DrummerWorld.com». Henta 24. august 2006. 
  6. 2001's Intervju med Mick Avory, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 2. april 2009 
  7. Who Let the Kinks In? Arkivert 2009-01-09 ved Wayback Machine., Loraine Alterman, Rolling Stone, 18. desember 1969
  8. «Mick Avory Interview on retroSellers.com». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 2. april 2009. 
  9. «The Kinks To Reform?». Ultimate-Guitar.com. 29. september 2008. 
  10. «Kinks-kveld med Ray Davies og band». Bergens Tidende. (krev abonnement (help)). 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: The Kinks