Kinn Bryggeri

Kinn Bryggeri AS er eit lite bryggeri i Florø som vart etablert av Espen Lothe i 2009. Salet i det første året til bryggeriet var på 2000 liter. Dette auka til 32 000 liter (og ca 2 millionar norske kroner) i 2010, og 76 000 liter i 2011.[1] Bryggeriet er kalla opp etter det gamle kommunehuset i Florø, «Kinnhuset».[treng kjelde] Kinn Bryggeri produserte i 2012 ca 20 øltypar, hovudsakleg i klasse D (4.7%), men har også nokre sterkare øl. Alle er overgjæra øl av typar som er vanlege for handverksbryggeri, som til dømes saison, IPA og belgisk wit.

Homlehaud India-øl (India Pale Ale)

Mannen bak bryggeriet vann NM i heimebrygging i 2006 og 2007.

Bryggeriet kom på andreplass i NORØL si årlege kåring av årets bryggeri i 2011.[2]

ReferansarEndra

  1. Øl som handverk - rbnett.no. Lese 12. juli 2013
  2. NORØLs kåring av 2011s ølnyheter - NORØL. Lese 12. juli 2013

BakgrunnsstoffEndra