West Baffin Eskimo Cooperative

(Omdirigert frå Kinngait Co-operative)

West Baffin Eskimo Cooperative, òg kjent som Kinngait Co-operative, er eit inuittisk samvirkelag i Kinngait i Nunavut som er best kjent for aktivitetane sine innan kjøp, produksjon og sal av inuittisk kunst.[1] Laget er ein del av Arctic Co-operatives Limited, ei gruppe lokalt eigde verksemder som tilbyr grunnleggjande tenester i nordlege Canada. Samvirkelaget set prisar for verk av medlemmene sine, betala kunstnarane på førehand og deler vinsten mellom alle medlemmene sine.[2]

West Baffin Eskimo Cooperative
Skipa1959
HovudkontorKinngait
LandCanada
Nettstadhttps://www.westbaffin.com/ (engelsk)

Samvirkelaget blei grunnlagt i 1959 av James Houston og Kananginak Pootoogook som eit forsøk på å oppmuntra kunstproduskjon som ei næring for lokale innbyggjarar. Siden 1959 har laget kjøpt over 100.000 kunstverk frå lokale kunstnarar[3] og stått for utgjevinga av ei årleg utgjeving med 50 trykk av kunstnarar frå Kinngait.[4]

I 2005 hadde over eit dusin kunstnarar frå Kinngait blitt medlemmar av Royal Canadian Academy of Arts: Abraham Etungat, Pitseolak Ashoona, Pauta Saila, Kenojuak Ashevak, Osuitok Ipeelee, Kananginak Pootoogook, Mayureak Ashoona og Kiawak Ashoona.

Hovudkontoret og trykkatelieret til samvirkelaget, Kinngaite Studios, ligg i Kenojuak Cultural Centre og Print Shop, som er oppkalla etter den leiande inuittkunstnaren Kenojuak Ashevak.[5][6] Samvirkelaget driv òg Dorset Fine Arts, eit kommersielt kunstgalleri i Toronto i Ontario, som er ansvarleg for marknadsføring og sal av kunst som er laga av samvirkemedlemmar.[7][8]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: West Baffin Eskimo Cooperative