Kirkeholmen er ei lita øy i Kragerø kommune i Telemark. Øya ligg like utanfor Kragerø sentrum og er lett tilgjengeleg med småbåt og ferjesamband frå fastlandet.

Øya som tidlegare var prega av gardsdrift og skipsbygging er nå omgjort til ei ferieøy med få fastbuande att.

Øya må ikkje forvekslast med naboøya Lille Kirkeholmen, der det i dag er ein hytteby med rundt 60 hytter.