Kirriemuir er ein by i regionen Angus i Skottland. Han har kring 6000 innbyggjarar og er særleg kjent som eit sentrum for jakt og skytesport.

Kirriemuir

Kirriemuir, Peter Pan Statue
Kirriemuir, Peter Pan Statue
Kirriemuir, Peter Pan Statue
Plassering
Kirriemuir is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Angus
Tradisjonelt grevskap Angus
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 963
Koordinatar 56°40′N 3°0′W / 56.667°N 3.000°W / 56.667; -3.000
Diverse annan informasjon
Telefon-retningsnummer 0 1575
Commons har multimedium som gjeld: Kirriemuir

Blant kjende personar frå byen finn ein J.M Barrie, viss hus no er eit museum, og Bon Scott frå AC/DC. Det ligg òg eit flymuseum i byen, og dessutan eit camera obscura som vart donert av Barrie, der ein kan sjå over til Ben Lawers.

1500-talet vart det ført fleire hekseprosessar i byen. Dammen der fleire påståtte heksar vart drukna ligg enno i utkanten av byen, og er no kjent som Witch Pool («Heksedammen»).

Familieeigedommen til sir Hugh Munro, som laga lista over skotske fjell på over 3000 fot (914 m) ligg rett ved byen. Desse fjella går no under samleomgrepet Munro til ære for han.

Byen er eit turistmål, med utsikt over Strathmoredalen, som er eit av dei beste områda for fruktdyrking i Skottland. Han ligg òg kort veg frå Angus glens, som er eit populært område for fotturistar.

Kjelder endre