Kirsten Flagstad
Kirsten Malfrid Flagstad (12. juli 1895–7. desember 1962) var ein norsk dramatisk sopran, og ein av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene på si tid.
Kirsten Flagstad | |
![]() Kirsten Flagstad og Jean Sibelius i 1952. | |
Fødd | 12. juli 1895 Hamar |
Død |
7. desember 1962 (67 år) |
Yrke | songar, operasongar |
Kirsten Flagstad på Commons |
Flagstad vart fødd på Hamar, men voks opp i Oslo. Faren var fiolinist og kapellmeister, og mora repetitør og pianist. Ho vart den fyrste læraren til Kirsten. Seinare studerte Kirsten under Ellen Schytte-Jacobsen og Albert Westvang i Oslo og under dr. Gillis Bratt i Stockholm.
Ho vart særleg berømt for tolkingane sine av Richard Wagner sin musikk. Flagstad var engasjert ved Wagnerfestspela i Bayreuth frå 1933 til 1934. Ho verka deretter fast ved Metropolitan-operaen i New York frå 1935 til 1941, då ho reiste heim til Noreg, og igjen i perioden 1949 til 1952. Tolkingane hennar av kvinnene i operalitteraturen, ikkje minst i Wagner sin musikk, sette djupe spor, redda økonomien til Metropolitan-operaen og gav henne ein berømmelse som varer.
Ho var den fyrste sjefen for Den Norske Opera i perioden 1958–60.
Flagstad debuterte på Nationaltheatret i 1913 som Nuri i Tiefland. Då Opera Comique opna i 1918, gjorde ho mange ulike roller der. Etter at denne operaen la ned drifta i 1921 song ho på Casino, Mayol og Nationaltheateret. Etter det kom nokre år i Gøteborg, Brussel og Bayreuth, før debuten på «The Met» i 1935.
Kirsten Flagstad døydde i Oslo, 67 år gamal. Ho er avbileta på den norske hundrekronersetelen, norske frimerke og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Kirsten Flagstad vart av kong Haakon utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1937 og fekk seinare også St. Olavsmedaljen utdelt. Ho har kongens fortenestemedalje i gull. Eit museum med namnet Kirsten Flagstad Museum er skipa til minne om henne i Hamar, i huset der ho vart fødd 12. juli 1895, rett attmed kyrkja der ho vart døypt. Museet høyrer inn under Anno museum.