Kirsti Kolle Grøndahl
norsk politikar
Brit Kirsti Kolle Grøndahl (fødd 1. september 1943) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og den fyrste kvinnelege stortingspresidenten. Ho har vore kommune- og stortingspolitikar, statsråd og fylkesmann i Buskerud fylke.
Kirsti Kolle Grøndahl | |
Fødd | 1. september 1943 (79 år) Oslo |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling |
Verv | Stortingets visepresident 1989-1993 |
Føregangar | Reiulf Steen |
Etterfylgjar | Edvard Grimstad |
Verv | Stortingspresident i Noreg 1993-2001 |
Føregangar | Jo Benkow |
Etterfylgjar | Jørgen Kosmo |
Kirsti Kolle Grøndahl vart fødd i Oslo. Ho er utdanna cand. mag. frå 1966. Ho representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapen i Røyken kommune frå 1972, og vart vald inn på Stortinget i 1977. Grøndahl var statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1986–1988 og i Departementet for utviklingshjelp 1988–1989. I 1993 vart ho som fyrste kvinne i historia vald til stortingspresident. Ho var 1999–2013 fylkesmann i Buskerud fylke.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kirsti Kolle Grøndahl» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2011.