Kitt Peak National Observatory

Kitt Peak National Observatory er det nasjonale astronomiske observatoriet i USA, og ligg på Kitt Peak, ein 2060 meter over havet høg fjelltopp i Qinlan Mountains, kring 65 km sør for Tucson i Arizona. Observatoriet, som vart opna i 1959, er utstyrt med 11 moderne teleskop, mellom anna ein 36-tommars reflektor frå 1960, ein 84-tommars reflektor frå 1964, ein 4-meters (158-tommar) reflektor (Mayall-teleskopet, ferdig 1973) og eit stort tårnteleskop (primærspegel 63-tommar, brennvidde 300-tommar, solbilete 34-tommar) kalla McMath-solteleskopet, som stod ferdig i 1962.

Kitt Peak National Observatory

Kjelder endre