Kjøleviksteinen
Kjøleviksteinen er ein runestein frå garden Kjølevik i Strand kommune i Ryfylke i Rogaland.
I 1878 fann den unge læraren på Idse, Torgils Didriksen Hillesland, runesteinen i Kjølevik. På bakgrunn av funnet skreiv han eit brev til antikvar Nicolay Nicolaysen med opplysning om at det fanst ein runestein i området. Agronom Anda tok æra for funnet i 1882. Runesteinen låg då som overliggar i inngangen til ein potetkjellar på garden, men han fekk vita at steinen opphavleg hadde stått på ei gravrøys saman med ein annan stein. Om det òg hadde vore innskrift på denne steinen er uklart, og det har ikkje vore mogleg å finna han att.
Steinen vart kjøpt inn av Universitetets Oldsaksamling, og sommaren 1883 vart han send til Kristiania. Her stod Steinen i mange år i foajeen i Historisk museum, men i 1999 vart han flytt til foajeen i det nye Universitetsbiblioteket i Georg Sverdrups hus på Blindern. I 1982 vart ein kopi av steinen sett opp ved Vatland grendehus ved Kjølevik.
Innskriften er ein av dei få med eldre runer, språket er urnordisk, og daterer innskrifta til folkevandringstida, ca. 400-450:
- hadulaikaR ek hagustaldaR hlaiwido magu minino
På moderne norsk vert det: Hadulaik. Eg Hagustald haugla sonen min. Ein går frå ut at Hadulaik er namnet på sonen, men det har òg vore antydd at han kan vera runeristeren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kjøleviksteinen» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2019.