Kjøllefjord er ein tettstad i Lebesby kommune, nordaust i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Staden har 845 innbyggjarar per 1. januar 2017. Tettstaden ligg inst i Kjøllefjorden, på vestsida av Nordkinnhalvøya, og er administrasjonssenteret i kommunen.

Kjøllefjord
tettstad
Kjøllefjord i juni 2015.
Land  Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Lebesby
Areal 0,45 km²
Folketal 845  (2022)
Folketettleik 1 878 / km²
Postnummer 9790 KJØLLEFJORD
Kart
Kjøllefjord
70°56′44″ N 27°20′47″ E
Wikimedia Commons: Kjøllefjord

Kjøllefjord er òg eit kyrkjesokn i Den norske kyrkja.

Historie endre

Kjøllefjord vart som resten av Finnmark rasert av den tyske krigsmakta då dei måtte trekkje seg attende frå området i 1944.

Samferdsle og næringsliv endre

Hurtigruta har daglege anløp i Kjøllefjord.

Den viktigaste næringsvegen er fiske og fiskeindustri.

Verdas nordlegaste bokhandel er Nordkyn bok og papir i Kjøllefjord.[1]

Geografi endre

Staden ligg mindre enn ein breiddegrad frå det nordlegaste punktet på det europeiske fastlandet, og han ligg tre lengdegradar frå Hornøya, det austlegaste punktet i Noreg.

Kjelder endre

  1. Jens Kihl. Rekordbygda: Under-dog. Klassekampen. 2018-07-17. S. 11
  Denne geografiartikkelen som har med Troms og Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.