Kjølsdalen kyrkje
Kjølsdalen kyrkje står nedst i Kjølsdalen i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1940.[1]
Kjølsdalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stad | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordfjord | ||
Sokn | Kjølsdalen | ||
Fellesråd | Stad | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hans Fredrik Crawfurd-Jensen[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 13. september 1940[1] | ||
• Endringar | 1992 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 350 [1] | ||
Kjølsdalen kyrkje 61°55′04″N 5°37′26″E / 61.91778°N 5.62389°E | |||
Wikimedia Commons: Kjølsdalen kirke |
Kyrkja vart ført opp etter same teikningane som Hildrestranda kapell i Haram. Teikningane var laga av riksarkitekt Hans Fredrik Crawfurd-Jensen.[1] Inventaret er frå byggjeåret eller seinare, bortsett frå eit krusifiks på altaret som truleg er frå den gamle Davik kyrkje.
Under Nyårsorkanen i 1992 vart kyrkja mykje skada og nærpå blesen overende. Etter eit stort reparasjonsarbeid og montering av ståldragarar vart kyrkja betre sikra mot liknande i framtida.
Kjølsdalen kyrkje er soknekyrkje i Kjølsdalen sokn i Nordfjord prosti. Då kyrkja var bygd høyrde området til Davik prestegjeld, og før dei fekk Kjølsdal-kyrkja sokna dei til Davik kyrkje på sørsida av fjorden. Kjølsdalen vart utskild som eige sokn frå Davik i 1954, og i 1965 vart Kjølsdalen overført frå Davik til Eid prestegjeld.[1]
Sjå òg
endreFotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Kjølsdalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Digitalarkivet
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Eid kommune på nettstaden disnorge.no
- Kjølsdalen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Kjølsdalen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.