Opna hovudmenyen
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå rovpattedyr.
Orientisfugl som et ein frosk.

Kjøtetarar (karnivorar) er både sekundærkonsumentar og tertiærkonsumentar i næringskjeda. Omgrepet viser til dyr som i all hovudsak ernærer seg på kjøt, i motsetnad til såkalla altetarar og planteetarar. Nokre døme på kjøteterar er dyr som ulv, røyskatt, krokodille, hoggorm, gribb og falk.

Jegerar og åtseleterarEndra

Ein kjøtetar vil i dei fleste tilfella fanga og drepa dyret det får kjøt frå, og vil såleis òg vera ein predator. Dette er ikkje alltid tilfelle. Ein del dyr livnærer seg nesten berre på åtsel (slik som mange gribbearter). Slike åtseleterar vil vera kjøteterar, utan å vera predatorar.[1] I nokre tilfelle vil grensa mellom dei to vera vanskeleg å trekkja, slik som med komodovaran. Komodovaranen vil bita og gje eit infisert sår som kan ta livet av bytet seinare, der han så sporar opp kadaveret og et det.[2]

Parasittar som kjøteterarEndra

Ein del parasittar vil òg kunna vurderast som kjøteterar, i den graden dei lever av å eta vevet til landlevende virveldyr, slik som Guinea-orm, loa loa og trikinar, som alle lever i muskelvev hjå menneske.[3]

KjelderEndra

  1. Ullrey, E.U. (2010): Nutrient Requirements: Carnivores. I Encyclopedia of Animal Science, DOI: 10.1081/E-EAS2-120045794.
  2. «Komodo Dragon Fact Sheet». National Zoological Park. Henta 25. november 2007. 
  3. Speight, Martin; Henderson, Peter (2010). Marine ecology : concepts and applications (1. utg.). Hoboken: Wiley-Blackwell. s. 83. ISBN 1444335456. Henta 27. november 2015.