Kjell Gunnar Isaksson (fødd 28. februar 1948) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Härnösand som vann sølvmedaljen i stavhopp både i EM 1969 og EM 1971. Isaksson sette verdsrekord i 1972 og var europarekordhaldar frå 1972 til 1975 og svensk rekordhaldar i tida 1968-83.

Kjell Isaksson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 28. februar 1948 (76 år)
Härnösand
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968

Aktiv endre

Isaksson hoppa i juni 1968 over 5,05 meter og tok over som svensk stav-rekordhaldar etter John-Erik Blomqvist. Frå slutten av juli månad forbetra Isaksson rekorden til 5,10 m på Stockholm stadion i landskamp mot Canada, deretter til 5,13 m i ein juniorlandskamp i Växjö og til sist til 5,20 m då han vart svensk meister i Malmö midt i august. I framkant av Sommar-OL 1968 hoppa han 29. september 5,25 m i OL-byen Mexico. Under sjølve leikane i Mexico-byen i oktober månad tok han seg over 5,15 m, ein prestasjon som ikkje rekte til betre enn tiandeplass i ei uvanleg god og spanande stavtevling.

I EM 1969 fekk Isaksson sølv med eit hopp på 5,20 m. Gullmedaljen tok austtyske Wolfgang Nordwig med 5,30 m. Vintervåren 1970 kom Isaksson på andreplass i det fyrste hall-EM i Wien, straks før han vann den svenske hallmeisterskapen med eit verdsbestehopp på 5,34 meter. Sommarsesongen 1970 forbetra han den svenske stav-rekorden til 5,27 m den 27. juni i Skövde, 5,32 m den 19. august i Malmö, og den 20. september til 5,37 m i Victoria i Australia.

12. februar 1971 presterte Isaksson verdsbeste innandørs med 5,38 m i Inglewood i USA. Den 14. mars klarte Isaksson 5,35 m og vart andremann ved innandørs-EM i Sofia, Nordwig vann med eit hopp på 5,40 m. Allereie fem dagar seinare tok Isaksson i Cleveland tilbake rekordnoteringa ved å gå over 5,41 m. Utandørs flytta han landsrekorden til 5,40 m i Hiroshima den 25. april og til 5,41 m i Iwaki den 3. mai. Under europameisterskapen 1971 i Helsinki stoppa han på 5,30 m og tok ein ny sølvmedalje bak Nordwig, som vann med 5,35 m. På tampen av sesongen tok Isaksson den svenske rekorden til 5,43 m i Siena den 19 september.

Vinteren 1972 forbetra Isaksson innandørs-verdsrekorden til 5,45 m under den nordamerikanske hallmeisterskapen i New York. Den 8. april i Austin i Texas svinga han seg over 5,51 meter og sletta dermed den to år gamle verdsrekorden til grekaren Christos Papanikolaou. Sju dagar seinare forbetra Isaksson verdsrekorden til 5,54 m under eit stemne i Los Angeles. I El Paso 23. mai hoppa både han og USA-amerikanaren Bob Seagren over 5,59 m. Seagren tok høgda fyrst, nokre minuttar seinare hoppa også Isaksson over høgda. Isaksson vann tevlinga med færre hopp og begge var verdsrekordhaldarar, ein verdsrekord Det internasjonale friidrettsforbundet ikkje godkjende ved sesongslutt. Derimot vart Isaksson sitt hopp på 5,55 m i Helsingborg den 12. juni godkjent som verdsrekord. Den rekorden slo Bob Seagren allereie 2. juli med sitt hopp på 5,63 m.

Isaksson vart skadd i august 1972 under svenske meisterskapen, der Hans Lagerqvist vart svensk meister i stavhopp. Under Sommar-OL 1972 i München klarte ikkje Isaksson å kvalifisere seg til stavfinalen.

Isaksson vann ti svenske meisterskap i stavhopp, det siste i 1979.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre