Ein kjemisk formel viser kva grunnstoff ei kjemisk sambinding er samansett av, og korleis. Om sambindinga er kovalent, viser formelen kor mange atom av kvart grunnstoff som er med i molekylet. Det kjemiske symbolet vert brukt for grunnstoffet. Talet på atom av dette stoffet i sambindinga vert vist ved eit senka tal. Til dømes inneheld eit metanmolekyl eit karbonatom og fire hydrogenatom. Da vert den kjemiske formelen CH4.

Ein enkel måte å skriva formelen for eddiksyre på er C2H4O2, men det finst fleire sambindingar som inneheld desse atoma. Ved å skriva CH3COOH får ein fram litt av strukturen i molekylet.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.