Kjerringa med staven

Kjerringa med staven er ei norsk folkevise, først nedteikna midt på 1800-talet. Handlinga i visa er lagt til Hakadalen i Nittedal.

Etter tradisjon frå Nittedal er visa ei nidvise om seterjentene i Kongsvangskogen, der bøndene frå Kirkeby og bygdene omkring hadde kyr på beite. Dei meinte dei fekk for lite smør ut frå mjølkemengda. Åtte pottar rømme - nær åtte liter – skulle gjeve eit kilogram smør, men ho Kari i visa fekk berre halvparten, eller fire merker. Det er nærliggande å mistenkje at han Ola hadde ete av rømmen til ho Kari.

Teksten endre

Teksten vart første gong nedteikna av Ludvig Mathias Lindeman på midten av 1800-talet. Visa finst i ulike versjonar; i Mads Bergs Skulesongbok er desse versa tekne med:

Kjerringa med staven
høgt opp i Hakadalen!
Åtte potter rømme,
fire merker smør,
såleis kinna Kari,
Ola hadde før.
Kjerringa med staven.

Jente, høyr på meg, du,
vil du gifte deg du;
vil du vera kjerring,
skal eg vera mann,
vil du koke kaffi,
skal eg bera vann.
Jente, høyr på meg, du.

Kjerringa med sekken
hoppa over bekken.
Så datt ho nedi,
så blei ho våt,
så fekk ho juling,
så blei det låt.
Kjerringa med sekken.

Melodien endre

Melodien vart trykt første gong i Paris under namnet "Bondedans fra Bergens Stift i Norge". Tonen er truleg fleire hundre år gammal.

Den norske komponisten Johan Svendsen har brukt melodien til «Kjerringa med staven» i sin fjerde norske rapsodi for stort orkester, Op. 22».

Kjelder endre

Norske- og utanlandske folkedansar til bruk i skule og førskule.] Arkivert 2007-10-29 ved Wayback Machine.