Kjerstin Funderud

norsk politikar

Kjerstin Wøyen Funderud (fødd 13. november 1970) er ein norsk politikar frå Borre i Vestfold, busett i Våler i Østfold. Ho er frå 2021 stortingsrepresentant frå Østfold for Senterpartiet.

Kjerstin Funderud

Fødd13. november 1970 (54 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, revisor
Alle verv

Wøyen var medlem av kommunestyret i Borre frå 1991. Etter ho flytta til Våler var medlem i Våler kommunestyre i tida 1999-2011, siste fire åra var ho ordførar i Våler, vald med stønad frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti. Ho kom tilbake i politikken då ho som andrekandidat for Østfold Senterpartiet ved stortingsvalet 2021 kom inn på Tinget med god margin, der ho har sete i Finanskomiteen.

Funderud er utdanna revisor. Ho hadde stilling som avdelingsdirektør ved Sentralskattekontoret for Storbedrifter frå 2007 til 2019. Sidan 2019 er ho tilsett underdirektør i Skattetaten i Moss.

Kjelder

endre