Klagenfurt (slovensk: Celovec) er hovudstaden i delstaten Kärnten i Austerrike ved elva Glan. Han har om lag 90 000 innbyggjarar, og rundt 1 700 av desse er kärntiske slovenarar, som utgjer om lag 10 % av innbyggjarane i Kärnten.

Klagenfurt
Lindorm-fontena i Klagenfurt
Lindorm-fontena i Klagenfurt
Lindorm-fontena i Klagenfurt
Byvåpenet til Klagenfurt
Styresmakter
Land
Delstat
Austerrike
Kärnten
Geografi
Flatevidd 120,12 km²
Flatevidd
 - By

120,11 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

92 404
  750/km²
Koordinatar 46°37′″N 14°18′″EKoordinatar: 46°37′″N 14°18′″E
Høgd over havet 446 m
Tidssone UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 9020
Telefon-retningsnummer 0463
Bilnummer L
Heimeside: www.klagenfurt.at
Plassering
Plasseringa av Klagenfurt
Plasseringa av Klagenfurt
Plasseringa av Klagenfurt

Byen vart først nemnd på 1100-talet.

Det er ein vakker by omgitt av dei austerrikske Alpane, ein populært skistad, og med talrike parkar og 23 slott i området rundt. Om sommaren vert festivalen Altstadtzauber arrangert og Ingeborg Bachmann Preis, ein tysk litteraturpris, vert delt ut her. Viktige landemerker er Wörthersee og Schloß Hochosterwitz, eit imponerande og utilgjengeleg slott. Byen ligg ved breidda av Wörthersee, den varmaste fjellinnsjøen i Europa, og ein populær turiststad. Området vert kalla Austerrike sitt svar på Monte Carlo, og trekkjer til seg rike austerrikarar og tyskarar som kjem for å sjå og bli sett.

Byen har eige universitet og flyplass, og det finst òg eit slovensk gymnasium her.

Sport endre

Fottballklubben FC Kärnten held til i Klagenfurt.

Folk frå Klagenfurt endre

Av kjende personar som har budd i byen er

Like i nærleiken, i landsbyen Maiernigg, hadde Gustav Mahler sommarhuset sitt.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Klagenfurt