Klarälvdalen
Klarälvdalen eller Klarälvsdalen er dalen langs løpet til Klarälven i nordre del av Värmland. Den eldre nemninga Älvdalen har i løpet av dei seinare åra komme meir og meir ut av bruk. I Sverige kan det truleg ha samanheng med at ein ikkje vil blande saman med staden Älvdalen i Dalarna.
I Noreg har ein òg elvedal, men det er knytt til dalføret lenger vest, Østerdalen. Her finn ein Stor-Elvdal og Alvdal. Uttala av desse har truleg vore «Ælvdal».