Klarinett

(Omdirigert frå Klarinettist)

Klarinett er eit musikkinstrument i treblåsarfamilien. Namnet kjem av italiensk clarino som tydar trompet, og suffikset -et som tydar liten, fordi dei første klarinettane hadde ein lyd som likna trompeten. Klarinettar kjem i mange variantar, men når ein seier klarinett meiner ein vanlegvis sopranklarinett. Det finst òg lokale variantar, som til dømes meråkerklarinetten.

Klarinett

Klassifiseringtransponerande instrument, enkel klarinett med sylindrisk røyr, med fingerhol
Hornbostel-Sachs klassifisering422.211.2-71

Klarinettar vert laga av spesielle treslag eller, om det gjeld billige modellar, komposittmaterial og plastikk. Lyden vert generert av ei flis (røyrblad) som vibrerer når ein blæs. Klarinetten har eit stort omfang, nesten fire oktavar. Dynamisk kan ein klarinett spele svakare enn dei fleste andre instrument.

Ein person som speler klarinett vert kalla klarinettist. Nokre døme på kjende klarinettistar er Benny Goodman, Artie Shaw, Sabine Meyer, Martin Fröst, Michael Collins og Hans Christian Bræin.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klarinett
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.