Det klassiske Hellas

(Omdirigert frå Klassisk periode i Hellas)

Det klassiske Hellas var ein periode i gresk historie på om lag to hundre år, 400-talet fvt. og 300-talet fvt.[1] I denne tidsperioden vart mykje av noverande Hellas, erobra av akamenideriket, som utgjorde Persarriket ei stund.[2] Den klassiske perioden hadde kraftig påverking på Romarriket og vesterlandsk kultur. Den [såkalla] høgklassiske kunst vart skapt frå om lag 480 fvt., skriv Store norske leksikon.[3] Den hellenistiske periode følgde etter den klassiske perioden.

Parthenon i Aten. Tempelet vart bygd til ære for gudinna Atene

Den gresk-romerske kunst og kultur fram til Romerrikets undergang, er ein vid definisjon av den klassiske perioden, skriv Store norske leksikon.[3]

400-talet fvt., og tiåret førre endre

I 508 fvt. fell den siste tyrannen i Athen, og reformane til lovgivaren Kleisthenes vart sette i verk.

I 499 fvt. byrja det joniske opprøret. Opprøret førte til den persiske invasjonen av 492 f.v.t. Perserne vart overvunnen i 490 fvt. Den andre persiske invasjonen, i tida 481–479 fvt., vart mislykka, til tross for at mykje av noverande Hellas vart erobra etter Slaget ved Thermopylene og Slaget ved Artemision.[2][4]

Dei gresk-persiske krigane (499–449 fvt.), som vart avslutta med Kallias-freden førte både til frigjeringa av Hellas, kongdeømmet Makedonia (overvunnen i 168 fvt.), Thrakia, Jonia frå Akamenide-riket, og førte til at Aten fekk den dominerande posisjonen i det athenske sjøforbund, noko som førte til konflikt med Sparta og Det peloponnesiske forbund, noko som førte til Peloponneskrigen (431–404 fvt.).

Aten under Kleisthenes endre

I Aten sette (510 fvt.) Kleomenes I, kongen av Sparta, inn eit Sparta-vennleg oligarki, med Isagoras i spissen. Rivalen Kleisthenes tok makta, ved hjelp av middelklassa og demokratar. Kleomenes intervenerte i 508 og 506 fvt. men Kleomenes vert ikkje til å stanse, med stønad frå atenarane. Gjennom reformane til Kleisthenes, utstyrte folket sin by med isonome institusjonar, og ostrakisme vart ført inn.

Det isonome demokratiet vart omorganisert: Attika vart delt inn i omlag [... 130] lokale demer, gjerne naturlege tettbygde busetnader (tettbebyggelser).[5] Dei 10 000 borgarane utøvde makta si som medlem av forsamlinga (ἐκκλησία, ekklesia), som vart leia av eit råd av 500 borgarar som vart plukka ut tilfeldig: «rådet av dei fem hundre» (de fem hundres råd, bokmål).

Strukturen på administrasjonen til byen vart endra, for å gjere politiske gruppar, mindre ensarta: det vil seie at interessene (til ei gruppe) ikkje vart sentrert ikring anten sjøen, eller byen, eller landbruk, men avgjerdene (til dømes ei krigserklæring) vart avhengig av geografisk posisjon. Området til byen vart delt inn i 30 trittyer (trettidel):

  • ti trittyer i kystområdet (παρᾰλία, paralia)
  • ti trittyer by-kjernen (ἄστυ, astu)
  • ti trittyer i utkantsrøka (rural interior) (μεσογεία, mesogia).

Ei stamme hadde 3 trittyer, plukka ut tilfeldig: ein frå kvar av dei tre gruppane. Kvar stamme agerte alltid i henhold til interessene til alle tre sektorane.

Desse reformane bana vei for utvidinga av demokratiet, på 460- og 450-talet fvt.

Dei gresk-persiske krigane endre

I Jonia (den noverande egeiske kysten i Tyrkia), klarte ikkje byane - mellom anna Milet og Halikarnassos - å halde på sjølvstendet, og dei vart herska av Persarriket på midten av 500-talet fvt.

I 499 fvt. byrja grekarane i regionen, det joniske opprøret, og Aten og andre greske byar sendte hjelp, men vart vart slått tilbake som følgje av slaget ved Lade. Lilleasia kom igjen under persisk kontroll.

Det joniske opprøret førte til den persiske invasjonen av 492 f.v.t, der den persiske generalen Mardonius leia eit felttog gjennem Thrakia og kongedømmet Makedonia. Han vann, og han erobra Makedonia, og Thrakia underkasta seg han,[6] men han vart såra og slo retrett til Lilleasia. Flåten på 1200 skip som var i følgjet til Mardonius, havarerte i ein storm langs kysten ved Áthos-fjellet.

Dei joniske byane vart undertrykka av persiske styrkar, og i 490 fvt. sendte perser-kongen ei flåte for å straffe [område utanfor Jonia]. (Historikarane er usikre på storleiken på dei persiske styrkane; Skildringane varierar frå 18000 til 100000.) Styrkane landa i Attika med føremål å erobre Aten, men dei tapte slaget ved Marathon, mot ein hær på 9000 athenske hoplittar og 1000 soldatar frå byen Plataia; Hæren vart leia av generalen Miltiades. Den persiske flåten fortsette mot Aten, men [etter å ha sett omfanget av forsvarsstyrkane] vart avgjerde teken om ikkje å gå til åtak.

I 480 fvt. sendte den neste perserkongen ein større styrke, 300000, langs landevegen, med 1207 skip for å stø, over ei flytebru som gjekk over Hellespont (noverande Dardanellane). Denne hæren tok Thrakia, førre den gjekk på Thessalía og Boeotia, mens den persiske marinen forsynte fotsoldatane. Den greske flåten fór mot Kapp Artemision. Etter å ha vore hefta ved slaget om Thermopylene, av Leonidas I, konge av Sparta, frå Agiade-dynastiet, drog Xerxes mot Attica, og brende ned Aten. Det påfølgjande slaget ved Artemision resulterte i persarane erobra øya Euboia. Atenarane evakuerte byen sin sjøveien, førre Thermopylae; Atenarane vann over den persiske flåten i slaget om Salamis.

 
Dei første fasene i dei gresk-persiske krigane, 500-479 fvt.

I 483 fvt. - ei fredstid i mellom dei to persiske invasjonane - vart ei sølv-åre funne i Laurion-fjellkjeda ved Aten; Sølvet finansierte 200 krigsskip for å kjempe mot piratar frå øya Egina.

Den andre persiske invasjonen, i tida 481–479 fvt., hadde vorte mislykka.[2][4] Under general Pausanias frå Sparta, vann grekarane slaget ved Plataiai (479 fvt.). Den atenske flåten jaga persarane frå Egearhavet; dei vann Slaget ved Mykale. Persarane trakk seg frå Hellas, og invaderte aldri igjen.

I 478 vart Bysants erobra av flåten.

Peloponneskrigen, 431–404 fvt. endre

For meir om dette emnet, sjå Peloponneskrigen.

300-talet fvt. endre

 
Ein stele frå Aten (370-350 fvt.) No i Pergamon-museet i Berlin.

Sparta herska over Hellas, då Peloponneskrigen vart over, men trangsynet til krigar-eliten frå Sparta, passa ikkje rollen som herskarar.[7]

I 395 fvt. fjerna herskarane frå Sparta, Lysander frå makta, og Sparta mista herredømmet til sjøs.

Aten, Argos, Theben, og Korint - dei to sistnemnde hadde vore allierte til Sparta - utfordra dominansen til Sparta, med Korintkrigen, som slutta uavgjort i 387 fvt. Samme året vart grekarane sjokkert over Kongefreden som Sparta slutta med Persia. Avtalen førte til at dei greske byane i Jonia, og Kypros, vart persiske. Sparta prøvde deretter å svekke makta til Theben, noko som førte til ein krig der Theben vart alliert med sin tidlegare fiende Aten. To generalar frå Theben, Epaminondas og Pelopidas, vann slaget ved Leuktra (371 fvt.) Makta gjekk frå Sparta til Theben, men Aten gjenvann mykje av si makt fordi tida som Theben fekk ved makta, vart kort. Då Epaminondas døydde i slaget om Mantinea (362 fvt.), tapte byen Theben sin største leiar, og etterfølgjarane rota seg inn ein ti-års krig mot forbundet av byar i Fokis (i Fokída). I 346 fvt. spurde Theben Filip II frå Makedonia om hjelp mot Fokis.[8]


Etter fleire kriger og innbyrdes strid, vart dei greske bystatane svekka; Frå 338 fvt. var statene i Hellas, unnteken Sparta, herska av kong Filip av Makedonia. Sønen hans, Aleksander den store, herska til sin død i 323 fvt.[9]


Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Thomas R. Martin, Ancient Greece, Yale University Press, 1996, p. 94. "[The] "Classical Age" [... is] "the modern designation of the period from about 500 B.C. to the death of Alexander the Great in 323 B.C."
  2. 2,0 2,1 2,2 Brian Todd Carey, Joshua Allfree, John Cairns. Warfare in the Ancient World. Pen and Sword, 19 jan. 2006 ISBN 1848846304
  3. 3,0 3,1 klassisk. Store norske leksikon. Vitja 2019-07-03
  4. 4,0 4,1 Aeschylus,; Peter Burian; Alan Shapiro (17 February 2009). The Complete Aeschylus: Volume II: Persians and Other Plays. Oxford University Press. s. 18. ISBN 978-0-19-045183-7. 
  5. Kleisthenes. Store norske leksikon. Vitja 2019-07-03
  6. Joseph Roisman,Ian Worthington. "A companion to Ancient Macedonia". John Wiley & Sons, 2011. ISBN 144435163X pp 135–138
  7. Carl Roebuck, The World of Ancient Times, p. 305.
  8. Carl Roebuck, The World of Ancient Times, pp. 319–320
  9. Den greske antikken. Store norske leksikon. Vitja 2019-07-04
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.