Kleberstein, steatitt, spekkstein, såpestein eller esje er ein metamorf bergart som hovudsakleg er bygd opp av mineralet talk med varierande mengd kloritt og amfibol. Kleberstein er ein mjuk bergart, og kan derfor lett skjærast i med kniv. En annan viktig eigenskap ved kleberstein er at den toler varme særs godt og den er derfor godt eigna til bruk i omnar o.l. Kleberstein er ein lettformeleg bergart som har vore mykje brukt til å laga kar og andre bruksting.

Kleberstein

Kjenneteikn
Gruppemetamorf
Hovudmineraltalk, kloritt, dolomitt
Identifikasjon
Bruksområdekokekar, bygningsstein, omnar m.m.
Tettleik2,85

Den reinaste sorten kleberstein er danna frå serpentin, dei meir ureine sortene er danna av gabbroide bergarter.

Fargen på kleberstein er grønkvit til mørkegrøn ofte med rustfarga felt.

Ein finn kleberstein i alle norske fylke bortsett frå Vestfold og Vest-Agder.

Klebersteinskar frå Nishapur i Iran (800-900-talet)

Ordsoge endre

Bergarten har hatt mange ulike namn. Eitt gammalt namn er grjotstein, der forstavinga er frå norrønt og ganske enkelt tyder stein. Dette ordet var særleg brukt om nyttestein som ein hogde ut og brukte, og har gjeve oss moderne ord som gryte og graut. Eit nyare ord for steintypen er grautstein, og fleire stader i Noreg der ein har henta ut slik stein har namn som Grøt eller liknande. Klebersteinen kan òg kallast feittstein eller veikstein.

Dei mange namna på steinen viser til dei særskilde eigenskapane hans. Nokre av dei viser til korleis overflata til bergarten kjennest når ein tar på han, nemleg «feittete», «glatt» eller «såpete». Dette er fordi det viktigaste mineralet i kleberstein er talk. Dette er eit svært mjukt mineral som gjer at kleberstein lett kan skjærast i med kniv. Steinsorten kan òg stå imot sterk varme, og er derfor godt eigna til bruk i omnar og liknande.

Bruk endre

 
Utskoren klebersteinsportal ved Mariakyrkja i Bergen.

I førmoderne tid brukte ein kleberstein til mange ulike former for nytteting. I jernalderen, mellomalderen og fram til 1800-talet brukte ein steinen hyppig i tilverking av kokekar, spinnehjul og ulike former for lodd og vekter. Andre viktige bruksområde har vore som byggemateriale i mange av dei norske steinkyrkjene. Mellom anna er Nidarosdomen bygd i kleberstein. På 1900-talet har ein særleg brukt kleberstein som materiale i peisar, omnar og gravsteinar.

Mange stader er det spor etter førmoderne uttak av kleberstein i bergveggane. Særleg i Gudbrandsdalen og på Vestlandet og Romerike er det blitt tatt ut kleberstein i store mengder. Kjende brot er mellom anna Brennepåsen og Piggåsen i kommunane Sørum og Fet. I dag tek ein ut kleberstein to stader i Noreg; Målselv i Indre Troms og Otta i Gudbrandsdalen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kleberstein