Opna hovudmenyen

Klemetsmesse, Klemet Saudskjær eller båtsok er ei tradisjonell kristen høgtid til minne om den heilage Clemens, ein tidleg biskop av Roma (pave) og martyr. Han blei dømd for å ha bygd kyrkjer, bunde til eit anker og drukna. Dagen er avmerkt på primstaven med eit anker, ei kyrkje eller ei pavekrone.

Den heilage Klemet var vernehelgen for sjøfolk, og på dagen hans skulle alle båtar ligga ved land, gjerne også ut året. Dagen markerte at vinterstormane og kaldfrosten kom. Ein kunne seia om dagen at «Er Klemet mild, blir vinter mild».

Namnet Klemet blei også tolka slik at ein skulle «klemma», altså knipa inn, i maten før jul.

KjelderEndra