Klimaet i Kina er svært variert på grunn av dei varierande topografiske og geografiske forholda i landet. Eit av dei viktigaste klimatiske trekka er monsunen, som er mindre kjend enn den indiske monsunen, men minst like viktig. Den årlege syklusen av regntid og tørke utgjer ein svært viktig del av livet til den tette folkesetnaden i den austlege halvdelen av landet. Sjølv om Kina ligg ved Stillehavet, er det frå Indiahavet fukta kjem når monsunen startar seint på våren. Stader som knapt nok ser ein drope vatn eller eit einast snøflak i januar kan verte overskylla av vatn i august. Alvorlege flaumar kan råke dei store elvedalane, særleg Chang Jiang, og på 1900-talet aleine mista hundretusenvis av menneske livet. I september byrjar monsunen å trekke seg tilbake når kald nordleg vind trenger seg sørover. Den kalde vinden varer ved gjennom vinteren og gjev låge temperaturar og tørre forhold i store delar av landet.

Kart over Kina

Enkelte område kan få svært store temperaturskilnadar gjennom året, særleg i dei indre, austlege områda. Her har vinteren svært låge temperaturar, medan sommaren er varm og trykkande. Temperaturendringane er likevel forholdsvis lett å føresjå sidan temperaturvariasjonen frå dag til dag er etter måten liten, og årstidene vanlegvis er ganske så presise kvart år. Kaldlufta frå Sibir pressar seg sørover i Aust-Kina, og kan trenge inn i dei søraustlege områda. Hong Kong er ein av dei få kystbyane i tropane som kan få temperaturar ned mot 0 °C. Sjølv om det er kaldt fører den tørre lufta til at det kjem lite snø. Dei nordaustlege områda kan derimot få snø, og her vert snøen som regel liggande over lang tid. Dei siste åra har dei nordlege områda av Kina ikkje fått så harde vintrar som normalt, med temperaturar godt over normalen i lange periodar.

Vinteren i Kina er kanskje overraskande kald for så pass låge breiddegrader, men sommaren er like varm og fuktig som ein kan forvente. Den mest behagelege tida i Kina er kanskje i oktober då ein har lange periodar med sol og behagelege temperaturar.

Dei vestlege områda av Kina har eit anna vêrregime. Her finn ein Gobiørkenen på grensa mellom Kina og Mongolia ved sida av Tarimbekkenet, som tidlegare romma ein enorm innsjø av brevatn. Både ørkenen og bekkenet får svært høge temperaturar og tørre forhold om sommaren. Lenger nord er klimaet meir som i Sibir, med iskalde og tørre vintrar og kjølige somrar med enkelte regnbyger. Det store Tibetplatået er ei eiga meteorologisk verd, og mykje av dette er uutforska.

Aust endre

Sjølv om heile den austlege delen av Kina vert påverka av monsunen, er det mange skilnadar i området. Vinteren er tørr overalt, bortsett frå litt spreidd snø i nord, og lett regn lengst sør, hovudsakleg langs kysten. Kuldebølgjer frå Sibir trengjer seg sørover i landet med jamne mellomrom og har størst innverknad i Chang Jiang-dalen i byar frå Wuhan til Changsha. Nan Lingfjella hindrar den verste kulden i å nå dei sørlegaste provinsane. Forholdsvis mildt er det òg i Sichuanområdet, inkludert Chengdu og Chongqing. Om våren kjem det vanlegvis eit par intense sandstormar frå Mongolia og inn i det nordlege og nordaustlege Kina, noko som fører til såre auge og dårleg sikt. Våren er framleis tørr, men temperaturane aukar raskt. Monsunen når vanlegvis dei sørlege områda i midten av mai, før den går nordover i rykk og napp. I juni stoppar ofte monsunen opp over Chang Jiang-dalen, og dannar eit grenseområda kalla ein Mei-yu front som kan gje store nedbørsmengder i dette området i fleire veker i strekk. Monsunen når vanlegvis Beijing seint i juli og dei nordaustlege slettene tidleg i august. I desse nordlege områda trekker monsunen seg raskt tilbake seint i august. Beijing har ein årleg nedbørsnormal på 619 mm.

Regnet minkar vanlegvis nokre veker seint i juli og august i hjartet av Aust-Kina mellom Chang Jiang-dalen og Nan Lingfjella. I denne perioden kan varmen og den høge fukta vere svært ubehageleg. I byar som Chongqing, Wuhan og Nanjing kan nettene halde seg over 25 °C, og om ettermiddagen kjem temperaturen ofte over 35 °C. Lokale torebyer eller ein tyfon som går inn over land kan gje meir forfriskande forhold. Den søraustlege kysten vert ofte råka av tyfonar i perioden frå juli til september. Sjølv om dei fleste tyfonane bøyer av før dei kjem så langt vest, vert Kina vanlegvis råka av fire-fem tyfonar i eit normalår. Dei sørleg områda av Kina er den våtaste landsdelen, og Hong Kong har til dømes ein normal årsnedbør på 2169 mm.

Hausten kjem raskt frå nord til sør med frisk vind og raskt fallande temperaturar, men ein god del sol. Når monsunen trekker seg tilbake kan det regne i dagevis i dei sørvestlege provinsane Sichuan, Yunnan og Guizhou. Dei høgareliggande områda av Yunnan ligg over dei tropiske luftmassane om sommaren, og kulda om vinteren, og har behageleg klima og «vår heile året».

Taiwan endre

Taiwan er ei øy 200 km utanfor kysten av det kinesiske fastlandet. Øya kan få litt regn i løpet av vinteren når monsunen går ut i Austkinahavet og møter fjellsidene på øya. Den nordaustlege byen Chillung fekk ein gong 55 dagar på rad med regn på vinteren. Sør for Tungshih kjem det mindre nedbør, men området er mildare og fuktigare enn dei kjøligare områda i nord. Sommaren er trykkande og våt over heile øya, og Mei-yu-regnet i samband med monsunen gjev kraftig regn frå mai til august og september. Samtidig kan tyfonar gje enorme nedbørsmengder når dei treffer fjellområda på Taiwan. 11. september 1963 vart det målt heile 1248 mm på 24 timar. Det er den største nedbørsmengda som er målt på eit døgn på den nordlege halvkula.

Nordvest endre

 
Gobiørkenen i Nordvest-Kina er det tørraste området av landet

Tibetplatået vernar dei nordvestlege områda av Kina frå monsunen, og dette er eit av dei tørraste områda i Asia (om ein ser vekk i frå Midtausten). Fjellrekkja Tian Shan er området som medverkar mest til dette skiljet. Om ein ser bort frå nedbørsmengdene er klimaet mykje likt som i Beijing, og berre enkelte dagar kvar månad har nedbør. Nord for Tian Shan ligg Junggarbekkenet, som vert like varm som Beijing om sommaren, men med temperaturar under -30 °C om vinteren. Byar nær foten av fjellområda, som Ürümqi, får ofte lett snø, men snømengdene aukar med høgda. Ürümqi har ein normal årsnedbør på 292 mm. Dei høgaste fjelltoppane har snø året rundt. Like i nærleiken finn ein derimot den varmaste staden i Kina. Like søraust for Tian Shan ligg Turpan som har målt temperatur på 49 °C.

Tibet endre

 
Himalaya sett frå lufta.

Dei sørlege dalane av Tibet er det mest vitja området, og her har ein temperaturar som i sentrale område av Skandinavia om sommaren. Over 5000 m held gjerne temperaturen seg under 10 °C i juli, og om natta under 0 °C. Dei høgaste toppane får gjerne meir snø om sommaren enn resten av året, men i eit slikt tørt klima som i dette området er det berre snakk om små mengder. Regn- og torebyer i samband med monsunen er mest vanleg på sørsida, der dalane særleg får nedbør om natta. Våren og hausten er forholdsvis tørr med ein god del sol, men ein kan få litt snø i begge årstider. Sjølv om vinteren er kald, er det ikkje så kaldt som ein kunne forvente. Dei verste kuldebølgjene frå Sibir held seg til dei lågareliggande områda.

Kjelder endre