Klinkbygging
Klinkbygging er ein byggemåte for trebåtar der båtborda overlappar kvarandre. Kvart bord vert lagt på utsida av bordet under. Før det vert festa vert det forma så båten skal få ynskt form når han er ferdig. Borda vert festa til kvarandre med båtsaum av metall. Etter at båten er oppborda, vertt han forsteka med innved, band og betar, som styrker båten på tvers, og esing som styrker på langs. Ein klinkbygd båt er lettare og mjukare enn ein som er kravellbygd. Ein mjuk båt vrir seg i sjøen i staden for berre å presse seg fram. Det har vorte sett på som ein fordel.
Oppbygging av båtenEndra
Bordgangane vert klinka saman med båtsaum. Det nedste omfaret vert festa til kjølen, ofte med kjølspikar. Det neste bordet vert lagt litt nedover det første på utsida,og tilpassa. Når det er på plass, vert det bora hol for båtsaumen. Avstanden mellom saumane er gjerne ei langspann i tradisjonelle norske bruksbåtar. Saumen vert sett i hòla frå utsida. Innvendig vert det tredd ei ro, ei tynn metallskive, inn på saumen. Ho vert gjerne pressa på plass med klinkejarnet. Tynnenden av saumen vert så avklipt (eller nykt). Til slutt vert han så klinka mot roa for å feste han skikkeleg. Når alle borda i omfaret er på plass, kan dei formast ferdig i overkant og gjere klar til nytt bordomfar.
UNESCOs verdsarvlisteEndra
14. desember 2021 vart den nordiske klinkbyggingtradisjonen innskreven på UNESCO si representative liste over menneska sin immaterielle kulturarv. [1]
KjelderEndra
- Godal, Jon Bojer: Tre til båtar. Oslo, 2001