For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Klokke (fleirtyding).

Klokker (latin cloca, 'bjølle') eller ur er instrument brukte til å måla og varsla tid med. Dei kan vera enkle innretningar som solur, mekaniske bjøller eller meir innvikla mekaniske urverk eller digitale krinsar som gjev informasjon om tida. Klokker kan syna eit tidspunkt i timar, minutt og nokre gongar sekund, men dei kan også visa større einingar, som dato, og mindre, som millisekund. Klokker, ur, finst som frittståande møbel eller berbare armbandsur og lommeur, men er ofte også del av ein annan gjenstand, som til dømes eit bygg (tårnur og liknande), ein datamaskin eller anna elektronisk utstyr.

Armbandsur med visarar for time, minutt og sekund, fotografert i løpet av ti sekund.
Foto: André Karwath
Veggur med mekanisk verk med pendel.

Mekaniske eller elektroniske klokkar eller ur er tidsmålarar som nytter regelmessige svingingar av mekanisk eller anna art som basis for tidsmålinga. Svingelegemet i uret kan til dømes vere ein pendel, ei uro, som er eit hjul som svingar fram- og att ved hjelp av ei spiralfjør, ein resonator (stemmegaffel), ein elektronisk svingekrins med mineralet kvarts som hovudingrediens (kvartsoscillator) eller ei atomstråle (i atomur). Kvartsur, som no er vanlege som armbandsur, vekkarklokker og veggur, vert såleis drive av elektrisitet, og for flyttebare ur som armbandsur, vekkarur og små veggur vert det nytta eit lite batteri. I mekaniske ur (med pendel eller uro) vert den svingande rørsla, og urverket elles, halde i gang ved hjelp av ei spent stålfjør, eller av tygdekrafta i form av eit lodd som heng i ein kjede og dreg maskineriet rundt ved å synke mot grunnen. Mekaniske ur må såleis tilførast energi ved at stålfjøra vert spent opp manuelt, eller loddet vert drege opp når det har nådd det nedste punktet: uret må trekkast opp. Hjulverk (tannhjul og drev som grip inn i kvarandre) overfører rørslene til ankergangen, som gjev urverket ein jamn og i røynda støtvis gange, med ei fart som kan justerast, slik at uret syner rett tid.

Dei fleste av dei mange ulike gangkonstruksjonane i mekaniske ur har ei ankerhake, og av dette kjem nemninga ankergang, òg kalla hemverk, ettersom dette elementet i uret hemmar den farta urverket elles ville ha hatt om det hadde fått løpe fritt. Ankergang vert òg kalla échappement, som er ei fransk nemning.

Den verdskjende klokka Big Ben på Westminster-slottet i London.
Foto: Adrian Pingstone

Historie endre

 
Rekonstruert kinesisk røykelsesklokke. Etterkvart som røykjelsespinnen brenn opp, vil bjøllene som er festa til han detta ned og gje lyd på fastsette tidsrom.

Solur, som har vore i bruk sidan oldtida, syner tida som ein skuggen frå ei stong i midten av ei solskive som er delt inn i tidsintervall. Andre måtar å markerer tid på er ved hjelp av timeglas, der sand renn frå eit rom til eit anna i løpet av eit visst tidsrom, eller lys eller røykjelse som brenn opp på ei rimeleg fast tid.

Mekaniske klokker blei laga i Tyskland, Storbritannia og Frankrike frå 1600-talet. Rundt 1660 klarte klokkemakarar å laga doble urverk slik at ein kunne innføra minuttvisar i tillegg til timevisar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klokke
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.