Knottenfjorden

(Omdirigert frå Knottin)

Knottin er ein fjord i Flatanger kommune i Nord-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 3 km søraustover til garden Fjellheim i Knottbukta.

Fjorden har innløp mellom Storkløvningen i vest og Bårdvikodden i aust. Knottbukta er ei bukt i den indre delen av fjorden som grensar til garden Knotten på nordsida. Vest for Knotten, på andre sida av fjorden, ligg garden Vollan.


64°30′36.187″N 10°57′4.7124″E / 64.51005194°N 10.951309000°E / 64.51005194; 10.951309000