Opna hovudmenyen

Knut Baardset (fødd 18. februar 1938) er ein norsk lokalpolitikar for Høgre som var ordførar i Aure kommune frå 1995 til 2006.

Knut Baardset
Fødd18. februar 1938
Statsborgar avNoreg

Baardset vaks opp på Bårdset i FoldfjordenErtvågsøya i Aure kommune. Han tilhøyde partiet Høgre og var ordførar frå 1995 til 2006. Han arbeidde mykje med utbygginga av Tjeldbergodden og med å betra sambandet i Aure. Det var bygd fleire bruer medan han var ordførar. I 2006 fekk han Kongens fortenestmedalje i gull.[1]

ReferansarEndra

  1. Kongens gull til høvding Knut, Nordvestnytt, 6/4-2006.