Knut Jøran Helmers

Knut Jøran Helmers (7. februar 195715. april 2021) var ein norsk sjakkspelar. Han vart noregsmeister i sjakk to gongar, i 1976 og 1977[1]. Han vart også nordisk meister i sjakk i Reykjavik i 1981[2]. Han vann junior-NM i sjakk i 1972, etter omkamp[3].

Knut Jøran Helmers
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. februar 1957
Død

15. april 2021 (64 år)

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1976, Sjakk-OL 1978, Sjakk-OL 1980, Sjakk-OL 1982, Sjakk-OL 1984

Knut Jøran Helmers vart Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1978, som den sjette frå Noreg som klarte krava til denne tittelen[4].

Knut Jøran Helmers spelte i 5 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1976, 1978, 1980, 1982 og 1984. I 1980 og 1982 spelte han på 1. bord. I desse 5 turneringane spelte han til saman 52 parti, og skåra 30 poeng etter 15 sigrar, 30 remisar og 7 tap, 57,7 %[5].

Helmers har skrive sjakkspalta i Arbeiderbladet.

Knut Jøran Helmers la opp som aktiv turneringsspelar etter 1986.[6]

Knut Jøran Helmers har vore medlem i Oslo Schakselskap og Sjakklubben Stjernen.

BøkerEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Brekke s. 106
  2. Brekke s. 118
  3. Brekke s. 105
  4. Brekke s. 95
  5. Brekke s. 113
  6. Norsk Sjakkblad nr 2-2004 s. 15