Knut J. Vik

norsk Ap-politikar

Knut Severin Jakobsson Vik (23. februar 189216. juli 1972) var ein norsk politikar frå dåverande Bruvik herad som representerte ArbeidarpartietStortinget.

Knut J. Vik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. februar 1892
Bruvik kommune
Død

16. juli 1972 (80 år)
Bergen

Yrke politikar, gruvearbeider
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Vik var son til ein småbrukar og vegsoppsynsmann. Sjølv arbeidde han i ulike tenester fram til 1925, då han fekk seg arbeid på kalksteinsbrotet Skaftun i heimekommunen. Frå 1942 til 1951 var han arbeidsformann i den same gruva.

Vik var medlem i Bruvik heradsstyre frå 1931 til -40. Etter 2. verdskrigen var over vart han vald til ordførar, eit ombod han hadde til 1957. Både i 1952- og 1953-sesjonen møtte han på Stortinget, fram til 18. juli 1953 som vararepresentant for statsråd Jakob Pettersen, etter den dag som fast representant då Ole Rong døydde. Valperiodane 1954-57 og 1958-61 hadde Vik fast plass på Tinget. I alle år som stortingsrepresentant var ham medlem i Protokollkomiteen, åra 1954-61 var han sekretær i komiteen.

Kjelder endre