Knut Johannesson Skaale

Knut J. Skaale, også kalla «Jøra-Knuten», (fødd Knut Johannesson) (20. juli 18435. januar 1900) var ein norsk fartøybyggjar frå Rosendal i Kvinnherad kommune i Hordaland. Skaale bygde om lag hundre fartøy før han døydde. Han er mest kjend for å ha konstruert jakta «Gjøa», som Roald Amundsen brukte då han segla Nordvestpassasjen tidleg på 1900-talet.

Knut Johannesson Skaale
Knut J. Skaale.jpg
Fødd 20. juli 1843
Rosendal
Død

5. januar 1900

Yrke skipsbyggjar

BiografiEndra

Knut J. Skaale blei fødd på Nes i Rosendal og var son til fartøybyggjar Johannes Jørgensson[1]. Han flytta seinare til Skaala som han sistpå skreiv seg. Kallenamnet «Jøra-Knuten» fekk han fordi han var frå Jørgens-tunet, som var ei vanleg nemning av personar i Kvinnherad[2]. Skaale byrja som læregut hjå Tørris Skaaluren då han var 16 år gamal, og var nokre år i lære[2]. Skaale bygde deretter sin eigen verv attmed Tørris i dagens Skålevika, der han konstruerte alle fartøya sine. I tillegg dreiv han med eit større rydningsarbeid på faren sin gard. Skaale gifta seg med Anna Farteinsdotter og dei fekk éin son, Knut K. Skåla[3].

GjøaEndra

Skaale bygde «Gjøa» etter tinging frå nordlandsskippar Asbjørn Sexe frå Ullensvang, som trengte ei ny jakt. I denne perioden blei Skaale og Sexe godt kjend, og dei korresponderte med kvarandre via brev om skuta og anna virke i kvardagen. Både kona og faren til Skaale blei med i arbeidet med å byggje skuta; blant anna høvla kona delar av kjølen på ho. Han fann mykje av tømmeret ved Bjørgane i Ølve, men masta og rundholtane fekk han hogga på Varaldsøy. Skuta stod klar i 1872 og dei døypte ho «Gjøa» etter kona til Sexe. I 1887 vart ho seld til ein selfangar i Nord-Noreg og det vart lagt ishud på ho. Roald Amundsen kjøpte deretter skuta i 1901 til bruk som ekspedisjonsskip i Arktis[3].

DødEndra

I klokkarboka frå Kvinnherad sokn 1873–1900 står det at Skaale døydde av leversjukdom den 05.01.1900 og blei jordfesta den 12.01.1900.[4]

ReferansarEndra

  1. Nerhus, ”Gjøa” : vår verdskjente minneskute, 7.
  2. 2,0 2,1 Vaage, Kvinnherad band 1, bygdesoga, 369.
  3. 3,0 3,1 Nerhus, ”Gjøa” : vår verdskjente minneskute, 7–8.
  4. «Klokkerbok for Kvinnherad prestegjeld» (norsk). Arkivverket Bergen. 

LitteraturEndra

  • Nerhus, Hans. Kap. II. I ”Gjøa” : vår verdskjente minneskute. Oslo: Forlaget form og farge, 2. oppl., 1981.
  • Statsarkivet i Bergen, klokkerbok for Kvinnherad prestegjeld nr. A2, Kvinnherad sokn 1873–1900.
  • Vaage, Erling. «Nyreisingstid 1850–kring 1900». I Kvinnherad band 1, bygdesoga. Rosendal: Kvinnherad bygdeboknemd, 1972.