Knut Strand

norsk politikar

Knut Olaf Andreasson Strand (7. desember 188716. februar 1980) var ein norsk gardbrukar, fiskar og politikar frå Ulstein kommune. Han representerte partiet VenstreStortinget i åra 1937-45 og 1950-57.

Knut Strand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. desember 1887
Ulstein kommune
Død

16. februar 1980 (92 år)
Ulstein kommune

Yrke politikar, bonde, fiskar, reiar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Strand var son til ein gardbrukar på Strandabø i Ulstein. Han dreiv fiske frå 1903, i fylgje folketeljinga 1910 om bord i fiskedampskipet «Snorre». Då faren døydde i 1912 tok han over farsgarden og dreiv denne i lang tid. I 1915 var Strand med å starte havfiskeselskapet A/S Skjervøy. Han slutta som fiskar i 1922 og var der etter disponent for A/S Skjervøy heilt til 1966. I tillegg var han kasserer i den nye Ulstein sparebank frå 1927 til -37,

Strand var medlem i Ulstein heradsstyre frå 1913. Periodane 1922-28, 1931-34 og 1945-47 var han ordførar. Ved stortingsvalet hausten 1936 var Strand fyrstekandidaten til Venstre i Møre og Romsdal og kom med det inn på Stortinget saman med partikollega Bjarne Fjærtoft. Strand var ikkje kandidat til stortingsvalet 1945, men vart på ny vald til stortingsrepresentant frå 1950 og attvald i 1953. Alle åtte sesjonane frå 1950 til -57 var han medlem i Skog- i vassdrags- og industrikomiteen. Dessutan var han valbolken 1954-57 sekretær i Lagtinget.

Kjelder endre